Vi kastar mindre avfall enn før
I Bjørnafjorden har mengda gått ned med 22 prosent på tre år.
I 2023 kasta kvar innbyggar i Norge i snitt 375 kg avfall heime og på gjenvinningsstasjon. Dette er 3 prosent mindre enn året før. Vi har ikkje hatt så låge tal sidan 2009, skriv SSB i dag.
– Den totale avfallsmengda frå hushalda held fram med å gå ned, med unnatak av koronaåra. I 2023 har vi kasta den lågaste mengda avfall sidan 2009, seier seniorrådgjevar Manju Chaudhary.
Tal for Bjørnafjorden kommune viser at vi i snitt kastar 320,1 kilo per innbyggar.
Talet ser ut til å vera snittet i alle Bir-kommunane, for kommunar som Bergen, Askøy og Øygarden har identisk mengde.
Alver, som ikkje er blant medeigarane i Bir, står oppført med 409,4 kilo.
Det har vore nedgang i Bjørnafjorden kvart år sidan 2020, frå 409,4 kilo til 363,7 og 320,3 til 320,1 i 2023.
Dei største endringane
Restavfall er den avfallstypen vi kastar mest av i hushalda. I 2023 var restavfall 41 prosent av avfallet vårt.
Etter det kastar vi mest treavfall, matavfall og papp, som alle ligg på rundt 10 prosent.
Det er fleire gode nyheiter for hushaldsavfallet. Materialgjenvinningsgraden har stige dette året også.
45 prosent av avfallet frå hushalda blir sendt til materialgjenvinning.
Dei fleste avfallstypane minka frå 2022 til 2023.
Dei største endringane var:
Restavfall minka med 26 000 tonn, tilsvarande 3 prosent
Matavfall auka med 16 000 tonn, tilsvarande 8 prosent
Papp minka med 14 000 tonn, tilsvarande 7 prosent
Byggavfall minka med 6000 tonn, tilsvarande 12 prosent
Flink eller fattig?
SSB skriv ikkje noko om årsak, men viser til ein graf dei meiner indikerer at Noreg nærmar seg eit samfunn med meir sirkulær økonomi – med auke i konsum utan auke i avfall.
Samtidig kan det tenkast at det blir mindre avfall i tider med svakare økonomi og lågare byggeaktivitet.
Førre år med lågare tal, 2009, kom etter finanskrisa i 2008, utan at dette er nemnt i SSB sin artikkel.