Lokal | 22. mai 2014

Trekk seg frå politikken

Ap-topp Lars Atle Skorpen sit ut perioden, men vil ikkje halda fram med lokalpolitikk.

Trekk seg frå politikken
Lars Atle Skorpen held fram i Os Ap, men berre fram til valet i 2015. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. mai 2014 12:46

Tidlegare rådmann i Os, Lars Atle Skorpen, var Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat ved førre kommunestyreval.

Han er gruppeleiar for Os Ap, medlem av kommunestyret, formannskapet, personalutvalet og komiteen Liv på Øyro.

Men i dag la Skorpen ut ein status på eigen facebookprofil der han fortel at han ikkje vil på Os Ap si liste til valet i 2015.

«Etter en samlet vurdering er jeg kommet til at jeg ikke ønsker gjenvalg til kommunestyret i Os.»

– Det har med tid å gjera

– Det er mykje som talar for å halda fram, det har vore ei kjempespennande tid, det har vore utviklande og det har vore kjekt, seier Skorpen til Midtsiden.

– Men eg jobbar mykje kveld og helg, og lokalpolitikk krev mykje innsats på kveldstid,. Då eg såg på dette med kva eg har av fritid og kva eg vil bruka tida mi på, så gav svaret seg sjølv.

Har tru på sentrumsallianse

I eit intervju i Os & Fusaposten i førre veke fortalte Glenn Erik Haugland og Jon Sivert Rykkel om korleis dei, saman med andre parti, vil overta makta etter neste val.

Søviknes svarte med å fortelja at han vil halda fram i lokalpolitikken, og kommenterte at han ikkje har noko tru på at ei eventuell «regnbogeallianse» vil bli særleg handlekraftig.

– Så lenge det ligg ei god samarbeidsplattform i botnen skal det gå heilt fint å styra fleire parti saman. Regjeringa vi no har klarer det, og det kan vi klara lokalt òg, seier Skorpen.

– Eg vil tippa at Os Ap vil landa på det same som til førre val, at dei er open for samarbeid med alle til venstre for Frp.

– Det har vore politisk semje om nesten alt som har vore viktig i den perioden vi er i no. Søviknes har blitt meir pragmatisk med åra, så det er langt mellom dei ytterste Frp-politiske forslaga. Det trur eg er bra for alle.

– Er det då noko poeng i å skifta politisk leiing og ordførar, om det er brei semje om alt det viktige?

– Ja. Prinsippa vi bygger politikken vår på er ulik. Os Frp driv sentrumstilnærma Frp-politikk, vi i Os Ap driv i stor grad sentrumstilnærma Ap-politikk.

– Forskjellen er grunnverdiane våre, sjølv om vi også i spørsmål som eldreomsorg og innvandring i Os har vore einige om det meste.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.