Lokal | 21. mai 2014

Søviknes går for fire nye år

– Motivasjonen er stor og vi fann ut at det var greit å koma med ei tidleg avklaring, seier Terje Søviknes, som har bestemt seg for å satsa vidare med lokalpolitikk, trass «åtvaringa» frå Venstre.

Søviknes går for fire nye år
Terje Søviknes ønskjer å gå med ordførarkjedet i fire nye år. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. mai 2014 06:09

Søndag 4. mai blei Terje Søviknes valt inn i sentralstyret i Fremskrittspartiet.

Søviknes har i prosessen vore klar på at vervet fint let seg kombinera med ordførarjobben, men etter at det blei klart at det blei comeback har det vore noko uvisse om han blir Frp sin ordførarkandidat til valet i 2015.

– Vi fann ut at det kunne vera greit å koma med ei tidleg avklaring, og har gått ein runde internt der vi har konkludert med at eg stiller som ordførarkandidat også ved neste val.

– Ein ny, viktig periode

Ordføraren seier at det er fleire årsaker til at motivasjonen til å halda fram i jobben er stor.

– At Frp er i posisjon både lokalt, på fylkesnivå og nasjonalt er spennande.

– Ny veg til Bergen skal byggast, Lyseparken skal formast og vi skal førebu bygda på auka vekst som følgje av betre veg.

– Vi har aldri bygd så mykje skule i Os som no, og vi skal snart i gang med utviding på Lurane. Det er mange store og viktige oppgåver som står for tur, og det krev både langsiktig planlegging og handlekraft. Å kombinera ordførarvervet med at eg sit så tett på avgjerdene i Oslo, blir ekstra gunstig.

Venstre vekte konkurranseinstinktet

I førre utgåve av Os og Fusaposten, på framsida og over ei dobbeltside inne i avisa, fortel Venstre-politikarane Glenn Erik Haugland og Jon Sivert Rykkel om deira plan for å overta makta i Os.

Dei ønskjer å sitja i førarsetet i eit sentrumsalternativ, og synest Søviknes ikkje bør stilla til gjenval.

– Det vekte konkurranseinstinktet i meg, innrømmer Søviknes.

– For det første er det ikkje opp til to kandidatar frå Venstre å foreslå kva mannskap Frp skal stilla med, for det andre synest eg det er ganske freidig å gå ut med på den måten.

Demokratisk?

Eit av argumenta til Haugland og Rykkel er at Os no blir «styrt frå eit lukka rom» og at Venstre vil «gje makta tilbake til folket».

– Går osingane glipp av gode demokratiske diskusjonar og avgjerder når dei store avgjerdene skjer på gruppemøter og i dialogar mellom Frp og Høgre?

– Det er i alle fall demokratisk å lata folket velja og lata dei som har fått tillit styra. Frp og Høgre har hatt fleirtal i Os sidan 1999, og har gong på gong fått fornya tillit. Eg synest samarbeidet med Høgre har fungert fantastisk godt, vi har alltid diskutert oss fram til gode løysingar.

– Med fleirtal kan vi jobba effektivt, setja langsiktige mål, vera handlekraftige og unngå unødig utsetjing.

Eit sentrumsalternativ har han liten tru på.

– Vi såg korleis det fungerte med regnbogealliansen på slutten av 90-talet. Frp blei saman med Ap største parti, men ein koalisjon frå SV til Høgre heldt Frp og ei bygdeliste utanfor.

– I slike alliansar får politikarane ofte meir enn nok med interne diskusjonar. Det blir omkampar, utsetjing og venting i små og store saker, spår Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.