Tredje dose til alle over 18
Massevaksinasjon kvar onsdag framover.
Tysdag ba regjeringa om at kommunane skulle gjera seg klare til å tilby tredje vaksinedose til alle over 45 år, og samtidig førebu seg på å tilby tredje dose til alle vaksne før påske.
Onsdag ettermiddag var Bjørnafjorden kommune klar.
No kan alle personar over 18 år bestilla time for tredje dose koronavaksine, ein såkalla oppfriskingsdose.
– Du kan velja mellom å ta vaksinen hos fastlegen eller på massevaksinasjonsstasjonane våre, skriv kommunen.
Det blir massevaksinasjon i Oshallen og på Fjord'n Senter kvar onsdag framover.
5 eller 6 månadar sidan sist?
For personar over 65 år skal det vera eit intervall på minimum 5 månader mellom andre og tredje koronavaksinedose.
For personar mellom 18 og 64 år skal det vere eit intervall på minimum 6 månader mellom andre og tredje koronavaksinedose.
Det er berre Pfizer-vaksinen (Comirnaty) som er godkjent som oppfriskingsdose, og dermed den vaksinetypen som vil bli gitt.
Koronavaksinen er gratis.
Om du vil ta vaksinen i Oshallen eller på Fjord'n Senter, kan du bestilla på nett eller telefon (913 58 649).
Måndag oppsummerte kommuneoverlege Klaus Melf vaksinesituasjonen på denne måten:
- Kommuneoverlegen melder at det framleis er utfordrande å nå målet om 90 prosent vaksinerte i aldersgruppa 18-44 år.
- Lågast vaksinedekning har personar mellom 25 og 39 år - og spesielt arbeidsinnvandrarar frå Polen og Litauen.
- 3. dosevaksinering av utsette grupper er i hovudsak ferdig.
- Influensavaksinasjon for personar i målgruppa er godt i gang hos fastlegane. Tilsette ved sjukeheimane er vaksinerte.
- (Det var også massevaksinasjon i går, onsdag 1. desember)