To nye grupper får tredje dose
Ber kommunane gjera seg klare.
Fredag informerte regjeringa om strengare innreisereglar for fleire afrikanske nasjonar, i håp om å bremsa ankomst av den nye, muterte varianten av koronaviruset.
Samtidig seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad at det ikkje er nokon grunn til å avlysa årets julebord, så lenge alle gjestane er friske.
Når det kjem til vaksinasjon ber regjeringa kommunane om å førebu seg på å setja tredje dose til to nye grupper:
- Alle ned til og med 45 år i alder og alle frå 18 år og opp med alvorleg underliggande sjukdom
- Alle innan helse og omsorg, også dei utan pasientkontakt
– Det er viktig at kommunane held fram med vaksinasjon med full styrke. Det viktigaste er å gi tredje dose til dei frå 65 år og opp, men etterpå må dei halda fram med dei ned til og med 45 år, seier statsminister Jonas Gahr Støre i ei pressemelding.
Tysdag fortalte Bjørnafjorden kommune om nesten 500 ledige plassar til vaksinasjon onsdag.
Veka før sette dei rundt 1.900 tredjedosar, utanom dei som gjekk til helsepersonell med pasientkontakt.
Det sto tysdag rundt 1000 innbyggarar igjen i alderen frå 65 år og opp.