Tre nye vidare i UKM
Mari Harju Skeie, Vilde Haugland Kristiansen og Henrik Øyerhavn er likevel vidare i UKM.
Ein planlagt skuletur gjer at 3 av dei 5 som blei sendt vidare i UKM ikkje kan representera Os på fylkesmønstringa i Grieghallen 5. og 6. april.
Les òg: Kongshaug gjorde reint bord (med video og bildeserie)
– Dei tre innslaga er av elevar frå Kongshaug Musikkgymnas. Kort tid etter mønstringa kom det fram at dei skal på skuletur medan det er fylkesmønstring og derfor ikkje kan representera Os, fortel Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune.
I samråd med UKM sentralt blei juryen kalla inn på nytt. Dei plukka då ut desse tre innslaga som verdige erstattarar:
1. Mari Harju Skeie med låta «Princess»
2. Vilde Haugland Kristiansen med låta «Leaving On A Jetplane»
3. Henrik Øyerhavn med låta «How To Save A Life»
For proff for UKM?
I etterkant av UKM har det kome reaksjonar på at elevar frå Kongshaug Musikkgymnas fekk lov til å delta på den lokale kulturmønstringa.
– At ungdom som går på skule i ein annan kommune enn dei kjem frå, og likevel kan delta i UKM, synest eg er fint. Samtidig kan eg forstå at nokon synest at elevar frå eit musikkgymnas kan bli for dominerande på ei mønstring som UKM.
– Men vi kan ikkje anna enn å visa til reglane, som tydeleg seier at du kan delta i den kommunen der du høyrer til, bur eller går på skule i. Kvar deltakar melder seg på som privatperson og representerer seg sjølv, ikkje ein skule, seier Grønvigh.
Komplett liste for Os, over kven som skal delta i fylkesmønstringa:
Scene
• Eirik Hodneland med låta «Choro»
• Sevin Kadir med låta «Seven Nation Army»
• Mari Harju Skeie med låta «Princess»
• Vilde Haugland Kristiansen med låta «Leaving On A Jetplane»
• Henrik Øyerhavn med låta «How To Save A Life»Kunst
Kunst
• Annika Svendal Os med verka «10th doctor», 11th doctor» og «Thor og Loki»
Unge arrangørar
• Christer Hjelle