Tok Kvelertak på publikum
Med tribute til Kvelertak tok Fossegrim seg vidare frå Os UKM til fylkesmønstringa på USF Verftet i april.
Hadde festivalen Søfteland Rock N LOL framleis eksistert så ville vi ikkje blitt overraska om Fossegrim hadde blitt invitert til å spela der til sommaren.
Her er lista over alle deltakarane.
Med to tighte og energiske Kvelertak-låtar var dei det innslaget under UKM som hausta størst entusiasme i salen, og Fossegrim var blant dei tre sceneinnslaga som blei sendt vidare til fylkesmønstringa på USF Verftet helga 18. og 19. april.
Aurora og den forsvunne marsipankaka
To jenter frå Os deltok med utstilling av kunst og teikningar. Katla Gunnarsdòttir gjekk vidare med tre av sine, UKM-veteran Annika Svendal Os har teikna den ferske popstjerna Aurora, som var pauseinnslag på UKM i fjor, og gjekk vidare med denne teikninga.
Då fekk det heller våga seg at ho som hadde meldt seg på med marsipankake ikkje stilte opp. Arrangør Kjetil Osablod Grønvigh frå Os kommune tok kontakt per telefon, men det viste seg at An-Margit Bjørnerås Langøien allereie hadde stilt ut kaka si, i Os i Østerdalen, og gått vidare.
Gjekk Sanne-leg vidare
Sanne Moesgård har gjort god figur på UKM i år etter år, åleine og saman med storebror Simen. Det har vore trangt om plassen på fylkesmønstringa, men i år gjekk ho vidare etter ei nydeleg framføring av Perri-låta «Human», der Sanne også spelte piano.
Med seg til Verftet får osingane også De Innlagte. Med stødige Anney Niyokindi på vokal skal dei framføra «Stillhet» på fylkesmønstringa.
Midtsiden kjem tilbake med video og meir om UKM.
Johnson og Kristiansen runda av
Den einaste pause på den drygt to timar lange ettermiddagen i Oseana kom den siste halvtimen, då juryen, som besto av Morten Holmefjord, Stine Kobbeltvedt, Andreas Fosse Salbu og Leif Herland, skulle bestemma seg.
I pausen for to år sidan spelte Eirik Søfteland, som seinare same år kom til finalen i Idol og vann Skal vi danse. I fjor var det Aurora og den ferske Spellemannpris-vinnaren Gina Aspenes sin tur.
I år hadde arrangørane hanka inn tre andre unge musikarar på veg opp, Fredrik Dahle Kristiansen, Hans Marius Johnsen og Håvard Skåtun.
Fredrik og Hans Marius har byrja å øva mykje saman, og spelte Månemannen i lag, Håvard tok to låtar frå albumet han gav ut for to veker sidan.