God UKM-innspurt
I går gjekk fristen ut og i helga rann det inn med påmeldingar til kulturmønstringa. Her er lista over alle deltakarane frå Os og Fusa.
Årets kulturmønstring for ungdom frå Os og Fusa blir arrangert i Oseana laurdag 14. mars.
Sjå video frå UKM for Os og Fusa i 2014
– Det blei som vanleg ein god innspurt. Eg er nøgd med at vi får eit så fyldig program også i år, seier Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune.
Frå 7 til 24 sceneinnslag
To veker før påmeldingsfristen gjekk ut var det berre påmeldt 1 sceneinnslag frå Fusa og 6 frå Os.
Etter at påmeldingsfristen gjekk ut i går, 1. mars, er det 6 artistar eller band frå Fusa som kjem med til saman 10 innslag, og 11 artistar og band av ungdom frå Os som framfører til saman 14 låtar.
Alle sceneinnslag er innan ulike sjangrar musikk. I tillegg kjem 1 frå Fusa og 3 frå Os med utstilling. Utstilling av teikningar, måleri, foto, keramikk og marsipankake (!) blir ståande i foajeen under kulturmønstringa laurdag 14. mars.
– I alt skal rundt 50 ungdomar i sving denne dagen. Vi har også ein som har meldt si interesse for å vera medarrangør, mediemann og konferansier, som også er bidrag som tel som UKM-innslag.
Her er alle påmeldte frå begge kommunane:
FUSA
UTSTILLING:
Bo Mathys (14 år) – foto
SCENE:
Hanna Øygard (15 år)
– piano – Pedal exercitum
Natasja og Idar
– «musical medley»
Natasja Smørholm (14)
Idar Rolland (14)
Sara og Frida
– «Jolene» og «The Rose»
Frida Solheim (12)
Sara Else Samnøy (12)
Standing Still Trio
– «Losing yourself» av Idar Rolland og «ukjent tittel» melodi av Helene G. Riise»
Joachim Tveit (19), gitar
Helene G. Riise (17), gitar og vokal
Idar Rolland (14), piano og vokal
The Lawbreakers
– «Black Diamond» av Kiss og «Black Night» av Deep Purple
Adrian Hagen Nordtveit (13), gitar
Even Engevik Lygre (13), gitar
Lars Henning Fosse (13), gitar og vokal
Sander Markhus (11), bass
Torbjørn Fosså (14), trommer
The New Originals
– «Drive my car» av Lennon/McCartney og «It's not unusual» av Les Reeds og Don Mills
Adrian Hagen Nordtveit (13), el-gitar
Andreas Kleppe (15), bass
Even Engevik Lygre (13), akustisk gitar og el-gitar
Idar Rolland (14) piano
Idun Øvredal (15), altsaksofon
Lars Henning Fosse (13), el-gitar og perkusjon
Natasja Smørholm (14), vokal og akustisk gitar
Tobias Rysjedal (14), slagverk
Truls Lie (14), el-gitar
Vegard Fosså (15), trombone
OS
Arrangør: Sebastian Solberg (18 år)
Konferansier: Sebastian Solberg (18 år)
Nettredaksjon: Sebastian Solberg (18 år)
UTSTILLING:
An-Magrit Bjørnerås Langøien (16 år) – marsipankake
Annika Svendal Os (17 år) – akvarell og oljemaleri
Katla Gunnarsdóttir (18) - teikning og keramikk
SCENE:
De innlagte
– «Stillhet» av Bjørn Helge Gammelsæter
Anney Niyokindi (18), vokal
Bjørn Helge Gammelsæter (18), piano
Do Heven
– «Heven» av Do
Charlotte Dahl (15)
Mia Kvernes Kleppe (14)
Emilia
– «Big, big world» av Emilia Rydberg
Charlotte Louise Dahl (15 år)
Åse Kristin Urdahl (25+ år)
Fossegrim
– «Blodtørst» og «Kvelertak», begge av Kvelertak
Jarle Lunde (17 år), vokal/gitar
Kristen Kvalheim (17 år), bass
Lars Åge Barreth Stavran (17 år), trommer
Marius Nilsen Kleppe (17 år), gitar
Martin Sandnes Haukedal (18 år), gitar
Ingrid og Synnøve
– «Breezeblocks» av Alt-J og «Nightcall» av London Grammar
Ingrid Fantoft (19 år), vokal
Julie Elisabet Nordahl-Pedersen (20 år), vokal og gitar
Julie Elisabet Nordahl-Pedersen (20)
– «Mean» og «Shake it off» av Taylor Swift
Kristoffer og Jonathan
– «Say something» av A great big world
Jonathan Boge (16 år), gitar og vokal
Kristoffer Hjertholm (17 år), gitar
Malle og Slash
– «Impossible» av James Arthur
Miriam Sundsbak Larsen (13), vokal og gitar
Malene Berland (13), vokal og gitar
Mia Kvernes Kleppe (14)
– «A thousand years» av Christina Perri
Sanne Moesgård (15)
– «Human» av Christina Perri
Unge og Ildsjeler
– «Good Life» av Onerepublic
Henrik Øyerhavn (16 år), vokal
Jonny Berven (25+ år), gitar/bass
Kristoffer Hjertholm (17 år), trommer
Åse Kristin Urdahl (25+ år), piano