Politi | 28. okt. 2024

Køyrde «gamlevegen» - blei tatt

På biltur utan førarkort.

Køyrde «gamlevegen» - blei tatt
Utrykningspolitiet hadde kontroll ved Storestraumen i dag. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 28. okt. 2024 08:33

Måndag morgon hadde utrykningspolitiet promillekontroll på tidlegare E39, no fylkesveg 583 Byvegen.

Dei stilte seg opp på kontrollflaten i Hjellemarka ved Storestraumen.

Frå klokka 07.30 til 08.20 fekk UP sjekka 42 bilførarar.

Alle dei kontrollerte var edru, men éin av dei køyrde utan gyldig førarkort.

– Vedkomande, ein mann i 40-åra, blir meldt, fortel Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.