Politi | 24. okt. 2024

Nok ein hjort påkøyrd

Hjorten blei liggande skadd igjen på bakken.

Nok ein hjort påkøyrd
Hjorten blei påkøyrd her, på Byvegen nær Hjellemarka. Foto: Google Maps Street View
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. okt. 2024 09:29

Politiet fekk torsdag morgon melding om påkøyrd hjort. Hjorten blei påkøyrd i Byvegen, men meir eksakt stad er ikkje notert.

– Det var ingen personskade, men køyretøyet blei skadd i front. Hjorten blei òg skadd. Den låg igjen på bakken, og viltkontakt blei varsla, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Ifølgje viltkontakt Hans Marius Eide var hjorten død kort tid etter samanstøyten.

Tysdag kveld blei ein hjort påkøyrd i Søvikvegen. Den sprang frå staden.

Søndag kveld velta ein motorsykkel då førar svingte unna ein hjort mellom Ulvenskiftet og Hetleflåten.

Torsdag og fredag for ei veke sidan fekk politiet tre meldingar om hjort på og ved E39 i 80- og 100-sone.

For to veker sidan blei ein hjort påkøyrd ved Joker Søfteland. Der blei frontruta knust, men hjorten sprang frå staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.