Politi | 18. okt. 2024

Hjort i tunell og innanfor viltgjerde

Politiet fekk melding om hjort på og ved E39 tre ulike stadar.

Hjort i tunell og innanfor viltgjerde
PÅ INNSIDA: Éi av meldingane gjekk ut på at det vandra hjort inni Liafjellstunnelen. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. okt. 2024 09:19

Både torsdag morgon, torsdag kveld og natt til fredag har politiet blitt varsla om hjort på og ved E39.

Klokka 07.35 torsdag kom det melding om hjort tett på E39 i 100-sona mellom tunellane i Endalausmarka.

– Vegtrafikksentralen blei varsla og fartsgrensa blei midlertidig sett ned, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

I 22.20-tida kom ny melding frå same terreng, då var det fleire hjort som gjekk på innsida av viltgjerdet.

– VTS såg ikkje dyra på kamera, men varsla viltkontakt, som rykte ut til staden.

Litt over midnatt, klokka 00.30, kom det melding om hjort i 80-sona inni Liafjellstunnelen.

– Ein patrulje køyrde ut og blei vitne til at hjorten sprang ut av tunellen og til skogs.

Torsdag morgon fekk politiet melding om fuglejakt i Liafjellsområdet. Dette er, så vidt Midtsiden kjenner til, jaktområde for fugl, og det er jakttid på fleire artar om hausten.

Sjå detaljar om jakttider på ulike artar på lovdata.no.

I tillegg har politiet hatt fartskontroll i 80-sona frå Svegatjørn til Moberg.

Den omtalte vi i går - sjå under relaterte saker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.