Lokal | 11. des. 2013

Tok ei julereingjering

Trass i åtvaringar måndag var det tett med parkeringssyndarar i Os sentrum tysdag. Det ser ut som om tilsette i sentrum er verre enn kundane.

Tok ei julereingjering
Framfor rådhuset og ved gjestebrygga var det flest syndarar, men også på Kyrkjeflaten blei det skrive ut gebyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. des. 2013 11:25

Måndag fekk Midtsiden klage frå næringsdrivande i Os sentrum, som fortalte om fleire som brukte 2-timarsparkering, meint for kundar, til langtidsparkering.

Også teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer, hadde mottatt klagar, og fortalte at sentrum skulle prioriterast når det kom til kontroll av reglane.

– Eg sjekka ikkje heile sentrum, men tok nokre langtidsparkerte på torget og fann mange syndarar framfor rådhuset og ved gjestebrygga.

– Det er heilt unaturleg at det skal vera fullt på desse plassane i 8-9-tida.

– Her er det nok tilsette og pendlarar, ikkje kundar som har gløymt å stilla klokka, seier vakt Elisabeth Thomassen.

På 1,5 timer skreiv ho ut heile 40 gebyr. Og då kontrollerte ho ikkje heile sentrum.

– Eg observerte også at flere som sto på 3-timarsparkering hadde stilt klokka til 12, kanskje for å gambla på at ein eventuell kontroll kom etter lunsj.

– Det var ledig plass på alle langtidsplassane, så her er det viktig at dei næringsdrivande og andre tilsette blir flinkare å gje plass til kundane og brukarane sine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.