– Gjev blaffen i reglane
Snøen avdekte i helga fleire grove parkeringssyndarar. – Os sentrum blir prioritert framover, lover Marianne Kramer.
Fleire har tydelegvis inntrykk for at risikoen for å få gebyr for feilparkering i Os sentrum er lågare enn før, og når snøen kjem er det lett å sjå kva bilar som har stått ei stund på same plass.
– Sånn såg det ut på Osøyro laurdag formiddag, skriv ein Midtsiden-lesar, og sender bilde av ei rekke med snødekte bilar.
Alle plassane på torget er tatt av bilar som har stått der frå kvelden før, på plassar der det berre er lov å stå i to timar.
– Det kan ikkje vera lett å driva butikk når dei beste parkeringsplassane blir brukt som langtidsparkering. Har parkeringsvakten gått i vinterdvale? spør innsendaren.
– Blir prioritert
Teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer, seier ho har fått kommentarar på parkeringa frå fleire butikkdrivarar i sentrum.
– Vakten hadde fri to dagar før helga, men er tilbake i dag.
– Vi kjem til å prioritera sentrum i tida som kjem, seier Kramer.
Vil redusera stillinga
I slutten av september sendte Os kommune ut ei brukarundersøking for å kartlegga bruken av Os sentrum og for å få tilbakemeldingar på parkeringsløysinga, som var ny i juni 2011.
I Frp/H/V/KrF sitt framlegg til budsjett støttar fleirtalet rådmannen si vurdering av at ordninga ikkje skal vera sjølvfinansierande.
"Det nye parkeringsregimet er no vel etablert, informasjon er formidla til innbyggjarane og vi ser ei endra parkeringsåtferd i sentrum" står det i koalisjonen sitt framlegg.
Dette gjev grunnlag for redusert ressursbruk knytt til kontroll og oppfølging av ordninga. Koalisjonen legg til grunn at det frå no er behov for ein stillingsressurs på cirka 20 prosent til parkeringshandheving, og at innsatsen må konsentrerast om oppfølging av sentrumsområdet og å sikre framkomst for utrykkingskjøretøy og brøyting i bustadområda i kommunen.
Frigjeven stillingsressurs, tilsvarande ca kr 500 000, blir overført til vedlikehald/asfaltering av kommunale vegar.