Korleis nyttar folk sentrum?
... og kor parkerer dei? Bør parkeringstidene endrast? Dette er blant spørsmåla Os kommune stiller i ei brukerundersøking om Os sentrum,
I slutten av førre veke la Os kommune ut ei spørjeundersøking på heimesida si kor dei stiller spørsmål om kor folk parkerer, om det er lett å finna ledig plass og kva folk gjer når dei er i sentrum.
– Eg har ikkje tal på kor mange som har svart så langt, men det har jo lagt i korta heilt sidan det nye parkeringsregimet blei vedteken at vi skulle evaluera ordninga.
– No følte vi tida var inne, både fordi det hadde gått ei passe lang stund og fordi politikarane er i ferd med å sjå på kva dei vil med sentrum, forklarer driftssjef Marianne Kramer.
To floger i ein smekk
Undersøkinga dreier seg ikkje berre om parkering, men like mykje om korleis folk nyttar sentrum.
– Vi håper jo å kunne slå to floger i ein smekk, slik at vi både finn ut om parkeringa fungerer slik ho skal, men òg om korleis sentrum blir nytta.
– Håpet er at vi skal kunna henta ut statistikk som gjer at politikarane får eit talgrunnlag når dei no legg planane for sentrum si framtid.
Endringar, eller kanskje ikkje
Kramer håper dei gjennom undersøkinga får inn minst 500 responentar.
– Dess fleire dess betre, så får vi sjå kva svara gir oss.
– Kanskje avdekker den at folk er tilfreds med lengda på dei forskjellige plassane, men det kan òg syna seg at det er plassar vi bør endra den tillate lengda på, forklarer Kramer.
– Uansett håper eg det kan gje oss nyttig statistikk for dei vidare planane.
– Kanskje nokre gullkorn
I høve handhevinga av parkeringsreglane følgjer Os kommune dei lovane dei er sett til å forvalta.
– Når det gjeld kontrollar så prøver vi å fokusera på dei områda kor vi opplever problemer med parkering.
– Det kan til dømes vera i smale vegar, kor ulovleg parkering gjer at både gåande og køyrande har problem med å koma fram. Eg har inntrykk av at parkeringa i sjølve sentrum har betra seg etter at ordninga tok til.
– I undersøkinga har de eit kommentarfelt. Reknar du med mange kommentarar?
– Det vil nok sikkert vera nokon som nyttar høve til å uttrykka seg, men samstundes så håpar eg jo at vi kan få konstruktive innspel. Det kan jo vera at det kjem eit og anna gullkorn, avsluttar Marianne Kramer.
Brukerundersøkinga finn du her. (ekstern lenke, oskommune.no)