Politi | 16. des. 2023

To menn mistenkte for ruspåverka køyring

Den eine blei kontrollert i sentrum, den andre på Søfteland.

To menn mistenkte for ruspåverka køyring
Éin av dei to blei stoppa på Søfteland. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. des. 2023 09:47

Politiet sjekka 52 bilistar for promille fredag og natt til laurdag.

På morgonen hadde politiet promillekontroll på Halhjem ferjekai, der dei sjekka 50 utan anna resultat enn ei avskilting grunna manglande EU-godkjenning.

Å sjekka to individuelle på kveldstid gav eit anna resultat.

I 21-tida blei ein bilist i 30-åra kontrollert i eller nær Os sentrum.

– Vedkomande er mistenkt for køyring i rus, og det blei tatt beslag i førarkortet, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

– Det blei òg funne noko vi trur er narkotika i bilen hans.

I 02-tida natt til laurdag blei ein bilist kontrollert på Søfteland.

Bilførar, ein mann i 20-åra, er mistenkt for køyring i rusa tilstand, og det blei tatt beslag i førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.