Tilbygget ferdig
Barnehage 74 i Moldova har fått ferdig tilbygget takka vera innsatsen frå elevar ved dei vidaregåande skulane i Os og Fusa.
Torsdag 12. mars blei ein merkedag for Hjelp Moldova og Hans Bjørn Bakketeig. Då kunne han saman med Andrei Grosu, opplæringssjef i bydelen Riscani i Chisiau klyppa snora til tilbygget i spesialbarnehage 74. Eit bygg som har blitt ferdigstilt med hjelp frå elevar ved dei vidaregåande skulane i Os og Fusa.
– Det blei ei kjenslefull stund, fortel Hans Bjørn Bakketeig.
Les òg: Byggjer barnehage i Moldova
Frå Kåre Ness i Hjelp Moldova har vi fått denne skildringa frå opningssermonien.
-Dette har vi venta på så lenge…
Opninga av tilbygget i Barnehage nr 74 i Chisinau skriv seg inn som den viktigaste hendinga i institusjonen sin historie. Den tidlegare nedleggingstrua barnehagen står no fram som eit mønsterbruk i den moldovske hovudstaden. Dette skjer takk vera trottig innsats over lang tid. Solidaritetsarbeidet ved Os Gymnas, Os vidaregåande skule, Fusa vidaregåande og Langhaugen vidaregåande sikra ferdigstillinga av tilbygget.
Opninga gjekk føre seg på tradisjonell moldovsk vis. Ein eksplosjon i eleganse, fart og glede. Festkledde born og festkledde lærarar. Fargerike nasjonaldrakter. Brød og salt til velkomst. God mat og god drikke. Festbord som er ein pryd for auga og ein fryd for ganen. Mange talar, lange talar. Om vennskap og samarbeid.
Borna i nr 74 har ulike handicap i fysisk og/eller psykisk lei. Ønsket om å gje dei best mogeleg trening og utvikling har heile tida vore drivkrafta for å reisa tilbygget. No er draumen gått i oppfylling. To fantastiske rom kvart på 30 kvadratmeter fylde med kreativitet; musikk, dans, leik og moro, og beinhardt arbeid. Alt i målretta pedagogisk samanheng som stimulerer til vekst og verdig liv for desse små som veks opp i ei vanskeleg verd.
Tid for tale, tid for takk
Styrar Liuba viser lista over dei første norske gjevarane. Lang liste med enkeltpersonar i Nordhordland, Os, Bergen og Bamble. Året var 2001. Evig takksemd til Spelhaugen Dagsenter i Fyllingsdalen og basarane som kvart år i mange år gav mange pengar. 2500 USD i 2001. Som manna frå himmelen. Nye bad, nye toilett, nye golv. Særleg takk til skuleelvane ved dei vidaregåande skulane på Os, i Bergen og Bamble. Deira solidaritetsarbeid, deira pengar og deira vilje sikra ferdigstillinga.
Styrar Liuba sa: -At ukjende menneske i eit land så uendeleg langt borte ville hjelpa oss var vanskeleg å fatta. Men vi skjønte at dei ville oss vel. Det inspirerte oss. Det gav oss styrke, vilje og pågangsmot. Tidene var tøffe. Kommunen ville stenga nr 74 og spreia borna.
Då vi kom til nr 74 første gong i 2001 var barnehagen verkeleg ille ute. Kostøret pr barn var tre lei; ei krone og femti øre. Jamngodt med ingen ting. Første innkjøp var naudhjelp i form av vitaminer; frukt, grønnsaker og juice. Golv, bad, toilett og sanitærrom var i sørgjeleg forfatning. Pengane frå Spelhaugen gjekk direkte til renovering av sanitærromma; eitt etter eitt.
Sagt på festen:
Styrar Liuba:
-Vi var beskjedne og ba aldri om noko.
– Det var dei som spurde: Kva trengst?
- Alle nordmenn er æresgjestar hjå oss!
Hans Bjørn Bakketeig:
– Ei formidabel oppleving å møta borna i dag.
– Det sette sterke kjensler i sving.
– Desse borna fortener det beste.
Andrei Grosu, opplæringssjef i bydelen Riscani:
– Ei kjensleprega oppleving i dag. Vi er takksame, og svært imponerte over av det er heilt vanlege folk, elevar, familiar og einskildpersonar som engasjerer seg. De må formidla stor takk tilbake til dei alle.
Ana Rotaru, mor:
– Eg veit ikkje korleis vi med våre handiccappa born skulle klart oss. No får borna våre ein god start i livet.
Fru Rusu, Barnehageansvarleg i Chisinau by:
– Eg er glad dei greidde overtyda oss om at Nr 74 hadde livets rett!
– Eg beundrar Norge og nordmenn. Eg ønskjer å verta medlem i Hjelp Moldova!
Maria Povororniuc, ansvarleg for spesialskular/institusjonar:
– Det er ein forbrytelse når eit samfunn ikkje kan ta seg av born med funksjonshemming. Takk for arbeidet Hjelp Moldova gjer for svaksynte og i nr 74.
Professor Nicolae Andronati, Ion Creanga Universitet
– Å arbeida med handicappa born er vanskeleg og utfordrande. Det er idealistiske menneske som vier livet sitt til slik gjerning. Dei gjer ære på nasjonen.
Fakta om tilbygget
Bygget inneheld spesialrom for trening av dei fysisk og/eller psykisk utviklingshemma borna. Hjelp Moldova har samarbeidd med nr 74 i 15 år. I starten var arbeidet prega av naudhjelp. Litt etter litt skaffa vi ved hjelp av gode støttesplarar pengar til renovering av sanitærrom og opphaldsrom. Arbeidet med tilbygget har teke fem år. Finansieringa, i alt om lag 300.000 kroner, har vore tung. Ved hjelp av solidaritetsarbeid ved vidargåands skular i Os, Bergen og Bamble kunne bygget ferdigstillast rundt juletider.