Tilbakeblikk på «opprykkskampen»
2 kampar, 6 poeng og 11 mål – mot Bjarg og Sotra: El Fakiri er stolt over innspurten.
Laurdag 22. oktober, avherande seriavslutning:
Sotra - Os 2-5 (1-2)
Målskårarar, Os: Christoffer Hafsås 2, Erik Kanestrøm 2 og Endre Brenne.
Os: Kasper Færøvik - Endre Brenne, Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Rafael Villén, Hassan El Fakiri - Erik Kanestrøm, Marius Mikkelsen - Christoffer Hafsås (Steffen Ljosheim) og Ole Martin Lekven Kolskogen (Øystein Takle Eide)
Les om skåringane og sjå bildeserie frå kampen
Oppgåva såg vanskeleg ut. Av dei første ni haustkampane hadde Os gått på fire tap, på dei to siste kampane trengte dei fire poeng. Førre runde mot tabelltoar Sotra enda 1-1, mot Bjarg borte blei det 4-1-tap.
Så kom 6-2-sigeren over Bjarg, i ein kamp der både avsluttingane og spelet sat spikra. Andrew Todd og Stian Lunde blei skadd. Lunde var med på benken mot Sotra, men fekk sigeren over Bjarg og sine to eigne skåringar som siste kamp med Os før han la opp.
Éin ungdom i kvar ende
Mot Sotra stilte Os med keeper og spiss som til saman er eitt år yngre enn Lunde, Kasper Sandven Færøvik (18) og Ole Martin Lekven Kolskogen (15).
– Eg var litt spent før kamp. Kasper har vore veldig god på trening lenge, men grunna skade i ankelen har han nesten ikkje trent siste halvannan månaden. Han er dessutan ung og det kan vera tøft å spela frå start i ein avgjerande kamp som denne, seier spelande trenar Hassan El Fakiri.
Færøvik hadde ei imponerande redning, der han sjølv hamna inne i eige mål, og eit par ting å henga fingrane i på stillinga 0-0. Han lagde og straffen ute på sida av 16-meteren, som førte til at vertane utlikna trass at dei var i undertal.
– Det er naturleg å vera ekstra tent i ein kamp som denne, dette kunne nok skjedd andre keeperar òg. Heldigvis heldt vi konsentrasjonen oppe ut kampen, vi fekk dessutan litt ro på oss då det kom både eitt og tre mål til. På 4-2 (i 81. minutt) følte eg at vi hadde det i boks.
15 år gamle Lekven Kolskogen spelte på topp frå start. Han serverte Hafsås på situasjonen som førte til Os-straffe, utvising og 2-0-leiing, og gjorde ifølgje El Fakiri akkurat den jobben han skulle.
– Ole Martin skulle truga bakrom. Med det aggressive presset han la på dei sterke midtstopparane til Sotra skapte han plass til Christoffer, Erik og Marius i mellomrommet bak seg.
Ville lokka motstandaren
Os brukte 10-15 minutt på å få spelet til å sitja. Etter utvisnga og 0-2-skåringa heldt dei fram med å trilla mykje ball.
– Det kunne kanskje sjå litt rart ut, at vi trilla såpass mykje ball, men vi veit at Sotra ofte liker å ligga litt lågt for brått å hugga til. Dei er eit godt lag med ei sterk sentrallinje.
– Vi ville ligga organisert og tolmodig og prøva å lokka dei i gang, for så å slå til då dei kom i ubalanse. Det lykkast vi med.
Hafsås og Kanestrøm skåra kvar sitt før pause. På 2-2 var det Kanestrøm som først gav Os litt pusterom, 2-3 kom i 75.minutt. Seks minutt seinare auka Hafsås til 2-4, drog av seg trøya og feira med resten av den gulkledde tribunen.
Marius Mikkelsen hadde assist på begge.
Jubel og fest
Det store Os-publikummet reiste seg, song Os-songen og heia så mykje at dei nesten ikkje fekk med seg at Endre Brenne stanga inn 2-5 på overtid. Dommaren bles av og publikum storma banen.
– Eg er stolt, glad og letta for at vi fekk dette til, seier Hassan.
Dei tre siste skåringane ser du i videoen over (Foto: Midtsiden/GoPro).
Midtsiden sendte straffen i 1. omgang og dei siste minutta av kampen direkte via Facebook-sida vår.
Os-spelarane reiste heim til fest med damelaget i klubbhuset på Kuventræ. Der blei Marius Mikkelsen kåra til årets spelar.
No har dei ferie i to veker.