Feira i bar overkropp med stort Os-publikum
Os gjorde det spennande på Sotra i ettermiddag, men valsa til slutt inn til ein solid siger i den avgjerande serieavslutninga.
Eit stort bortepublikum møtte i Straume idrettspark for å sjå om Os tok poenget dei trengte for å sikra 4. plassen og plass i 3. divisjon i 2017.
Bjarg - Tertnes sto 1-1, men heimelaget Bjarg, som ville gått forbi Os om det blei tap for Sotra, gjekk opp i 3-1, som og blei sluttresultatet.
Mellom Os og Sotra blei det 0-2 til Os og utvising til heimelaget, men Sotra klarte å utlikna med ti mann.
Midtsiden sendte direkte via facebook.com/midtsiden innmarsj, straffe, 2-5-skåring og feiring etter kamp.
Så kom tre mål til av Os - og påfølgande store jubelscenar på Straume.
Sotra - Os 2-5 (1-2)
Målskårarar, Os: Christoffer Hafsås 2, Erik Kanestrøm 2 og Endre Brenne.
Os: Kasper Færøvik - Endre Brenne, Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Rafael Villén, Hassan El Fakiri - Erik Kanestrøm, Marius Mikkelsen - Christoffer Hafsås (Steffen Ljosheim) og Ole Martin Lekven Kolskogen (Øystein Takle Eide)
Os brukte nesten eit kvarter med å få spelet til å sitja. Sotra hadde to-tre greie sjansar før Os skåra. Rafael Villén, Knut Spangelo Haga og Erik Kanestrøm hadde skot utanfor før Hafsås heada inn 1-0.
2-0 kom på retur frå straffe etter at Hafsås var felt i boks. Kanestrøm tok både straffen og returen.
Toppskårar i 3. div. avd. 7, Alexander Dang, reduserte før pause og utlikna på straffe etter at han sjølv blei felt innanfor 16-meteren, ute på sida av mål, av keeper Kasper Færøvik.
Men frå 15. minutt hadde Os stort sett spelet og ballen, og då Kanestrøm kom seg åleine med keeper og gav Os leiinga igjen i 75. minutt.
Hafsås auka til 2-4 i 81. minutt, reiv av seg drakta, feira med Os-publikummet og tok imot gult kort med eit smil.
Mens osingane song Os-songen og veiva med flagga gjekk Endre Brenne opp og auka til 2-5 på overtid.
Os vann 2-5 og er med i ein styrka 3. divisjon i 2017.