Til topps i 1. divisjon
Os J13 vann 6-0 og er klare for KM-finale.
Torsdag kveld vann Nore Neset J14 si 1. divisjonsavdeling, tysdag kveld gjorde Os J13 det same, ved å slå nettopp Nore Neset 6-0.
– Vi har ein liten stall, og nokre nye spelarar, men jentene har klart seg veldig bra, seier Kjetil Lyssand Lindbom.
Kjetil trener 2004-jentene saman med Robert Nøss (bildet).
Os står a-poeng med Kjøkkelvik, men har langt betre målforskjell etter 6 kampar i haust. Os har putta 32 og berre sleppt inn 7, tabelltoaren står med 26-20.
Sjå tabell
– To jenter gav seg i sommar og ei ny kom til. I tillegg har vi lånt keeper frå årgangen under oss, og ho har gjort ein veldig god jobb.
Møter Bønes i KM-finale
Os J13 vann Åsane Cup i vinter og tok bronse i Sogndal i sommar. Vårsesongen enda med 2. plass, rett bak Bønes, som dei no møter i KM-finale.
– Vi tapte 3-1 for Bønes i vår, men då hadde vi eit par gode spelarar vekke. Eg reknar med at det kan bli jamnare i KM-finalen, seier Kjetil.
Han var også i KM-finale for seks år sidan, med '98-årgangen.
Finalen i kretsmeisterskapen for J13 går 19. november.