Sport | 26. okt. 2017

Heldt pusten i 17 minutt - klar for KM-finale

Tett i toppen av 1. divisjon då Nore Neset J14 stakk av med sigeren.

Heldt pusten i 17 minutt - klar for KM-finale
Nore Neset J14, her på Norway Cup i år, er klare for ny KM-finale. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. okt. 2017 21:35

Tysdag, to dagar før konkurrentane spelte siste seriekamp for haustsesongen, klinte Nore Neset til med 5-0-siger over Eikelandsfjorden.

Kampen før blei det 12-0-siger, eit målkalas som viste seg å bli naudsynt.

Nore Neset hamna nemleg a-poeng med både Gneist og Austevoll, og står heilt likt i målforskjell med Gneist, men har skåra 6 fleire mål.

Sjå tabell.

Vann 8-0, men hadde måltørke

– Vi såg Gneist-kampen i kveld. Då det sto 17 minutt igjen trengte Gneist berre eitt mål til for å slå oss. Dei vann 8-0 over Fana borte, men klarte ikkje å skåra dette siste målet, fortel ein av trenarne til Nore Neset, Morten Døsen.

Gneist og Austevoll låg begge tre poeng bak, og spelte mot ulike motstandarar i dag.

– Eg hadde ikkje trudd at vi skulle klara dette. Då vi hadde to kampar igjen hadde vi 9 plussmål, mens Gneist og Austevoll hadde 13 og 16.

• Les òg: Os J13 klare for KM-finale

Kan bli kretsmeister igjen

No er Nore Neset J14, same lag som tok seg til semifinale i Norway Cup i år, klare for KM-finale for andre gong av to moglege.

Finalen går mot Åsane 19. november.

– Før den tid skal vi trena og kvila, mens 2. laget skal delta i Lagunen Fotballfest.

Nore Neset 2 har hatt ein betre haust enn vår, og har tatt 10 poeng på 7 kampar før serien blir avslutta mot topplaget i 2. divisjonsavdelinga laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.