Båt og sjøliv | 05. mai 2022

Til Os for å takka etter kjekk epost på kveldstid

«Hei! Vi har gleden av å gi 110.000 kroner. Dere gjør en fantastisk jobb!»

Til Os for å takka etter kjekk epost på kveldstid
Den glade givaren, banksjef Benedikte Toftesund, og den endå gladare Røde Kors-representanten Kristian Strønen ser fram til at ein ny, godt utstyrt båt kan legga til land på gjestebrygga i Os sentrum. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mai 2022 08:38

I februar fortalte Røde Kors at den nye Røde Kors-båten var ferdig finansiert og under bygging.

Dei søkte framleis etter støtte, noko utstyr sto på ønskelista, blant anna termisk nattkamera.

I 22.30-tida ein kveld for nokre dagar sidan tikka det inn ein epost til Kristian Strønen, Os Røde Kors sin representant i styret som jobbar med båten.

Sparebanken Vest, som frå før har gitt 50.000 kroner i støtte, kom med yttarlegare 110.000 kroner.

– Denne rause pengegåven gir oss utstyr som vil auka sjansen for at vi finn personar i og ved sjøen under vanskelege forhold på redningsaksjonar, seier Strønen.

På ønskjelista står også Resquerunner (vannskuter spesialtilpassa redningsaksjonar i vanskeleg farvatn) og nye tørrdrakter til kursdeltakarar.

Er ferdig til sommaren

Røde Kors skulle i utganspunktet få båten levert i månadsskiftet mai-juni, men vassjetmotorane er forseinka.

– Det ligg no an til levering i midten av juni. Vi ser fram til å klappa til kai i Os. Då har vi plan om å ta støttespelarane med på ein prøvetur.

– Publikum vil også få sjanse til å sjå nærmare på båten.

Bildeserie:

Bilde tatt hos Mare Safety 21. april. I midten av juni er det levering. (Foto: Privat)
Bilde tatt hos Mare Safety 21. april. I midten av juni er det levering. (Foto: Privat)
Sånn skal den sjå ut når den er ferdig. (Ill.: Mare Safety)

1 av 4

Den nye båten er eit fellesprosjekt mellom Røde Kors i Bergen, Os, Arna og Åsane, Nordhordland og Laksevåg.

Den får base på Laksevåg.

Prosjektet er finansiert gjennom tilskot frå Hordaland Røde Kors og dei fem eigarforeiningane, gåver frå stiftingar, bedrifter, kommunar, lag/organisasjonar og private.

Med finansieringa og bestillinga får bergensområdet auka beredskap på sjøen, både innan søk og redning, sjuketransport, assistanse og opplæring.

Båten blir også brukt til forebyggande tiltak, for eksempel i samband med Friluftskulen på Ramshomen som Os Rotary Klubb, Os Røde Kors og Bergen og Omland Friluftsråd arrangerer for ungdom i august.

Oppgåvene blir gjennomførte i samarbeid med Hovedredningssentralen, politi, brannvesen, helsevesen og andre frivillige, som Redningsselskapet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.