Lokal | 11. jan. 2021

Har fått inn 5,6 av 8,5 millionar til ny båt

Sponsorjakta held fram for Røde Kors.

Har fått inn 5,6 av 8,5 millionar til ny båt
Røde Kors-båten er moden for utskifting. (Foto: Frank Baggen)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmåndag 11. jan. 2021 10:15

– I Hordaland grensar alle kommunane til sjø, og vi har flest registrerte fritidsbåtar i landet – og derfor også flest drukningsulykker. Det er derfor naudsynt at Røde Kors har høg kompetanse på sjø- og strandredning og aktivitetar rundt forebyggende arbeid.

Dette fortel Kristian Strønen og Atle Vågstøl frå Os Røde Kors.

– Røde Kors i Hordaland har hatt ei aktiv sjøteneste sidan 2007 som samarbeidar godt med den offentlege redningstenesta og andre frivillige som Redningsselskapet.

– Den noverande båten er no 15 år gammal – og moden for utskifting.

Treng rett verktøy til jobbane

– For å kunne gjennomføra søk- og redningsoppdrag under krevjande forhold, ta vare på og transportera pasientar, utføra ulike typar assistanse til fartøy i naud og driva førebyggande arbeid, treng vi ein ny båt som tilfredsstiller krava fra Hovedredningssentralen, helseføretaka og sjøfartsmyndigheitene.

Nordhordland, Arna og Åsane, Laksevåg og Os Røde Kors er de foreiningane som grensar opp til de sjøområda med størst aktivitet og flest hendingar i Hordaland – fra Mongstad i Nord til Bjørnafjorden i sør, opplyser Strønen og Vågstøl.

– Foreningane har derfor tatt driftsansvaret for båttenesta og har etablert Røde Kors Båten Hordaland Kurs- og kompetansesenter AS som ansvarlige for den operative båttenesta og dei tilknyttede aktivitetane.

– Os Røde Kors nyttar til dømes Røde Kors Båten i samanheng med barneleir og sjøredningskurs for hjelpekorpsa i Hordaland, kor vi nyttar Ramsholmen i samarbeid med Os Rotary Klubb og Bergen og Omegn Friluftsråd.

Har 5,6 av 8,5 millionar

Strønen og Vågstøl fortel at ein ny båt vil kosta om lag 8,5 millioner kroner.

Hordaland Røde Kors har sjølv sete av 5,2 millionar kroner, og dei fire foreiningane har gått inn med 50.000 kroner kvar.

– Vi er no i gang med å be om støtte frå næringslivet og organisasjonar i kommunene våre.

– Det gler oss at allereie no har Helgesen Tekniske Bygg på Osterøy bidrege med 100.000 kroner, Advokatfirmaet Wikborg og Rein med 50.000 kroner og Onesubsea Prosessing AS med 20.000 kroner.

Kjem alle til gode

Strønen og Vågstøl er opptekne av at rekkevidda til ein aktiv og velfungerande Røde Kors-båt kjem fram.

– I Bjørnafjorden kommune er store delar av næringslivet knytta opp mot sjøaktivitetar, fra kyst- og havfiske, oppdrett og sjømatproduksjon til produksjon av båtar, brygger og serviceoppdrag til innbyggjarane og hytteeigarar. I tillegg har kommunen nokre av dei største og mest populære friområda i tilknytning til sjø.

– Derfor vil vi i desse dagane henvenda oss til leiarane for næringslivet i Bjørnafjorden. Vi håpar jo at at dei ser kor viktig det er at Røde Kors framleis vil vera i stand til å drive disse tenestene – tenester som kjem bedrifta sine tilsette, kundar og deira familiar til gode.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.