Til kvartfinale i NM
Skåring frå midtbanen og avgjerd på golden goal: Os Allianse G14 vann 1/8-finale i Adidas Cup 2014.
Os-alliansen reiste i førre runde til Førde og slo Molde ut av cupen med 3-2-siger.
I førre runde leia osingane 2-0 og 3-1 før Molde reduserte, i går blei det meir spennande i 1/8-finale på Stord mot Vard Haugesund.
Os Allianse - Vard Haugesund 4-3 (2-2)
Målskårarar, Os: Trygve Dahl Bjørnevik 2, Markus Heggland Myrlid og Fredrik Sivertsen.
Os hamna under frå start og kampen blei avgjort på sudden death 3-4 minutt ut i første ekstraongang.
– Vard leia 0-1 og 1-2, men vi utlikna begge gongane før vi gjekk opp i 3-2-leiing, fortel trenar Kjell Kolskogen.
Skåra frå midtbanen
Trygve Dahl Bjørnevik, som også sette inn 1-1-målet på eit langskot, hadde ei spektakulær skåring då Os utlikna til 2-2.
– Han avtalte med Ludvig Egge Drange, som skåra alle måla mot Molde, og tok to steg frå avspark før han klinte til og skåra omtrent frå midtbanen.
– Vard har ein god keeper som er mykje ute og sweeper, men han er litt låg og står ofte langt ute.
– Vi hadde snakka om dette på førehand, at viss sjansen var der så kunne det vera verdt å prøva seg. Men vi har aldri bedd nokon skåra frå midtbanen, dette fann dei på sjølv, ler Kjell.
Markus gav Os leiinga i 2. omgang og Fredrik blei matchvinnar med venstrefoten frå hjørnet på 16-meteren på golden goal.
Klar for kvartfinale
Det er ikkje bestemt dato for kvartfinale, som går mot vinnaren av Hasle-Løren og Åssiden IF. Der skal Åssiden frå Drammen ha vunne.
Om Os vinn kvartfinalen blir det plass i ei eigen finalehelg på Austlandet der semifinalane og finalen blir spelt.