Sport | 15. juni 2014

Slo Molde ut av NM

Os Allianse G14 er vidare til 1/8-finale i uoffisielt NM, Adidas Cup.

Slo Molde ut av NM
Lagbilde etter sigeren over sterke Molde i dag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 15. juni 2014 20:52

Os-alliansen, som består av dei beste fotballspelarane frå dei fleste klubbane i kommunen, spelte i dag 1/16-finale i Adidas Cup mot Molde i Førde.

Os vann 3-2. Ludvig Egge Drange skåra alle måla til Os Allianse.

Os leia 2-0 og 3-1 før Molde reduserte.

To lag vidare frå Hordaland

I gruppespelet vann Os 4-0 over Loddefjord og 3-2 over Gneist. Men mot Åsane blei det 1-3-tap.

Første kamp i A-sluttspelet blei vunne på straffekonk etter innhenting frå 0-2 til 3-3 i møtet med Sædalen.

No er osingane vidare nok eit steg og møter vinnaren av Vard Haugesund og Grorud i 1/8-finalen.

Også Stord var vidare til A-sluttspelet, men dei er ute. Os og Åsane er no einaste frå Hordaland blant dei 16 beste G14-laga i landet.

Sjå resultatliste og kampoppsett

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.