Tente ingenting på å stilla klokka
Både nattklubbeigar og ordførar måtte lesa seg opp i løpet av laurdagskvelden.
For å minna osingane på å stilla klokka skreiv vi laurdag om ekstra lang halloween-natt.
Natta blei lang, men vi var misvisande då vi skreiv at dei med nattklubbløyve fekk ein ekstra time å tena pengar på.
– I fjor våga eg ikkje å skjenka ein ekstra time, sa Catten- og Empire-eigar Bjarte Andersen, som ringte Midtsiden for å høyra om vi var sikre i saka vår.
(Det er førebels berre Catten som har nattklubbløyve, så Empire måtte uansett stenga første gong klokka blei 2)
Andersen blei vist vidare til ordførar Marie Lunde Bruarøy.
– Eg skulle til å svara ja, men tenkte eg skulle undersøkja med rådmannen, seier Marie til Midtsiden.
Christian F. Fotland kunne informera om at slutten på sommartid ikkje gav skjenkestaden ein ekstra time.
Blir klokka 3 to gongar?
Rådmannen viste til Helsedirektoratet sin vegleiarbrosje for sal og skjenking.
På side 20 står det:
«Ved overgang til vintertid stilles klokken tilbake fra kl. 03.00 til kl. 02.00. I henhold til maksimaltidene vil skjenketiden til alle skjenkesteder ha utløpt kl. 03.00 (når klokken blir 03.00 første gang den natten), og den utvides derfor ikke med en ekstra time.»
No er det ikkje noko som heiter «vintertid» i klokkesamanheng, det heiter sommartid og ordinær tid. Ein skjenkestad kunne kanskje argumentert med at klokka, før du stiller ho, ikkje blir 3, men 2.59 og så 2. Men så lenge Helsedirektoratet har denne formuleringa er det den skjenkestadane og kontrollørane må følgja.
– Eg synest det er litt idiotisk at dei tar den eine timen om våren, når vi natt til siste søndag i mars stiller klokka frå 2 til 3 for å justera til sommartid, men ikkje gir den tilbake om hausten. Vi hadde kjempestemning på begge utestadane då klokka blei skrudd tilbake til 2 og vi måtte runda av, seier Andersen.
• Sjå bildeserie: Fullt hus på halloween-festane