Lokal | 28. okt. 2017

Ekstra lang halloween-natt

Slutt på sommartid: Det er tett med halloween-festar i Os i natt, ei natt som dessutan blir ein time lengre enn vanleg.

Ekstra lang halloween-natt
I kveld blir halloween markert med knask, knep, graskarutstilling på Er-An og med kostymefest på utestadane. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 28. okt. 2017 09:43

Natt til søndag 29. er siste søndag i oktober og det er på tide å skru klokka tilbake til ordinær tid.

Sommartid er over og det er klokka 03.00 at vi skal skru klokka tilbake til 02.00.

Både Hanne's Musikkbar, Catten Nightclub og Empire har halloween-praty i kveld, med kåring av beste- og mest sexy kostyme.

Vil du dela ditt kostyme med Midtsiden?

• Send bilde frå halloween-vorspielet eller festen på tips@midtsiden.no

Dei som har servering til klokka 3 får med andre ord ein time ekstra, og det kan bli ei lang og underhaldande natt i Os sentrum. OPPDATERT: Det blei likevel ingen ekstra time for nattklubbane å skjenka.

Om sommartid:

Noreg har hatt sommartid kvart år sidan 1980 og vi har hatt same sommartid som EU-landa sidan 1996.

Tyskland var først ute med sommartid då dei i 1916 stilte klokka for å få meir ut av den lyse årstida. Fleire land kom til, Noreg for første gong i 1916, men også under siste del av andre verdsakrig.

I nyare tid har fleire land gjort justeringar i sommartida. I 2011 gjekk Russland bort frå ordninga, Hviterussland og Ukraina følgte opp same år.

Frå 2007 blei sommartid, kalla Daylight saving time (DST) på amerikansk, utvida med fleire veker i store delar av USA og Canada, som no har nesten 8 månadar, 1 månad meir enn Noreg, med sommartid per år.

Sommartid blei først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay i 1784.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.