Lokal | 10. sep. 2013

– Tek omlag eitt år

Gravearbeidene er i gang med dei nye omsorgsbustadene på Kuhnle. – Vi skal vera forsiktige med å skapa falske forventingar. Arbeidet tek nok 11 til 13 månader, seier Nils-Petter Borge.

– Tek omlag eitt år
Gravemaskina er i full gang med å førebu grunnen til dei nye omsorgsbustadene på Kuhnletunet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 10. sep. 2013 11:39

Då Nils-Petter Borge orienterte tenesteutvalet førre onsdag om status på helse-, omsorg- og beredskapsavdelinga kunne han med gledje fortelje at no var endeleg arbeida med dei nye omsorgsbustadene på Kuhnle i gang.

– Gravemaskinene er i gang. Vi har sagt at det vil vera 11 til 13 månaders byggetid.

– Å seie at det skal gå fortare får de meg ikkje til. Vi vil ikkje skape falske forhåpningar, fortalde Borge.

Les òg:
Vil utvida Kuhnletunet
Lempa ut arkitekten

Tildelinga i gang

Samstundes med byggjearbeidene er fagfolka i gang med å tildela bustadene til brukarane.

– Dei blir tildelt ut frå behov.

– Korleis er forholdet mellom antal bustader tilgjengeleg og behovet, undra Eirik Andre Hesthammer (Frp).

– Det vi no byggjer er omsorgsbustader med døgnkontinuerleg bemanning.

– Samstundes ser vi på korleis vi kan rigga tenestene til dei som bur heime og som er utanfor kommunen si omsorg.

– Frå tid til anna har dei behov for hjelp frå Os kommune. Det opplegget vi har i dag er for skjørt, forklarte kommunalsjefen.

Knytter dei nærare eit bufelleskap

Til å sørva dei som bur heime har kommunen fram til no hatt ei stilling.

– Det vi ser på er å knytta desse bebuarane nærare opp til ein omsorgsbustad kor vi har heildøgns bemanning.

– Det er ikkje alltid behovet for hjelp oppstår på dagen, og då kan det vera greit at kontaktpunktet deira er ein plass kor det er folk på jobb.

Ann Kristin Tøsdal (Ap) var nøgd med kommunalsjefen si skisse til omlegging.

– Dette er veldig bra. Eg vil trekkje parallellen til eldre som vil bu heime. Denne løysinga vil vera rimelegare for kommunen og betre for brukarane, meinte Tøsdal.

Firedobla saksmengde

Kommunalsjefen peikte òg på at saksmengda for den administrative ansatte som har følgd opp desse brukarane har blitt omlag firedobla sidan stillinga blei oppretta på midten av 90-talet.

– Os kommune veks, sjølv om vi skårar godt på administrasjon i kommunebarometra, så er det grenser for kva dei få folka vi har i administrastive stillinger kan rekkje over.

– Vi blir nødt til å ta dette med oss når vi skal diskutere budsjetta for dei kommande åra, forklarte Borge, som fekk tilbakemelding frå Helge Olav Nygård (Krf) om at dette måtte han ta med seg til budsjettseminaret seinare i haust.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.