Lempa ut arkitekten
Utvidinga av Kuhnletunet er forseinka. Årsak: Arkitektar som ikkje leverte som forventa.
I februar 2011 fortalde Midtsiden at kommuneadministrasjonen ba om 36 millionar kroner til ei utviding av Kuhnletunet med 12 nye omsorgsbustader. I budsjetthandsaminga seinare på året fekk dei midlane, men etter det har lite skjedd.
- Dette har eg dårleg samvit for, men årsaka er så enkel at arkitektane som var inne ikkje leverte som forventa, forklarte leiar for prosjektavdelinga i Os kommune Tor Inge Døsen i formannskapet tysdag.
- Difor har vi lempa dei ut og fått inn nye. Eg har aldri i mi lange yrkeskarriere vore med på tilsvarande.
- Skal bu der lenge
Bakgrunn for at saka kom opp var spørsmål frå Marianne Hjelle (FrP) om kvifor det ikkje var skjedd noko sidan i fjor vinter.
Pleie- og omsorgssjef Nils Petter Borge forklarte at omsorgsbustandane dei skal bygga skal nyttast av brukarane i opptil 50-60 år.
- Difor er det viktig at vi får tenelige budstader som fungerar over mange år.
- Vi må ta oss tid til å planlegga skikkeleg med dei perspektiva. Når vi no får nye planar av nye arkitektar kan vi gå i møte med både ansatte og brukarar/pårørende, forklarte Borge.
Døsen og Borge rekna framleis med at ein kunne byrja bygginga i løpet av hausten og at omsorgsbustadane vil stå ferdig i 2013.