Tatt etter snoking i fleire garasjar
Torsdag blei det oppdaga innbrot i Kuventrævegen, fredag kveld blei ein mann tatt på fersk gjerning mens han snoka i garasjar i Granlia.
Torsdag klokka 18.30 blei det oppdaga at det har vore innbrot i ein bustad i Kuventrævegen.
Dette er det åttande innbrotet i Os til no i år, bygda har normalt eitt til to innbrot i einebustadar i året.
Fredag kveld blei ein mann observert mens han gjekk og snoka i fleire garasjar i same nabolag, i Granlia.
– Han skal ha vore inne i minst tre garasjar. Då han skjønte at han var oppdaga sprang han frå staden, men politiet fekk tak i han, fortel operasjonsleiar Hans Erik Thue i Vest politidistrikt.
Mistenkte hadde ikkje tjuvgods på seg. Det er uvisst om han kan koplast mot innbrotet som blei oppdaga dagen før.
Sjangla i Byvegen
Langfredag og natt til laurdaf besto elles i ein del kontrollar i trafikken.
Den einaste som fekk tilsnakk var ein fotgjengar.
Det var ein full mann som gjekk og sjangla i Byvegen i 1.30-tida. Patruljen tok ein prat med han før han sjangla vidare retning heim.