Kultur | 25. sep. 2013

Talentkveld med høg kvalitet

VIDEO: Tysdag var første kveld med Er-An Veikro si nye satsing, Up & Coming. Tre unge artistar imponerte publikummet i restauranten.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. sep. 2013 15:16

Er-An Veikro har lagt ein god vår og sommar bak seg og den tidlegare sesongopne restauranten, som no er ny og har heilårsdrift, førebur seg no på den mørke årstida med ulike kulturtilbod.

I helga var det to konsertar i restauranten, den første helga i oktober arrangerer dei drive in-kino (!).

I tillegg har dei eit eigekomponert talentopplegg, som resten av restauranten inspirert av USA, kalla Up & Coming.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Annankvar tysdag skal tre ulike musikalske talent få visa seg fram, i går var første kveld, og det vi kan kalla ein brakstart.

Frå Fusa og Bergen

Håvard Skåtun (18) frå Fusa, Miriam Tumyr (26) frå Bergen og Idar Rolland (13) frå Sævareid sto på scenen på Er-An i går.

Idar hugsar du kanskje frå UKM i Oseana, der han gjekk vidare til både fylkesmønstring og den riksdekkande hovudmønstringa.

Les òg: Snakk om hjarteknusar (med video frå UKM)

Mykje publikum møtte fram og kvelden blei leia av Andreas Lindborg, kjent frå bandet Bone Shakers og festivalen Søfteland Rock N LOL.

Åtte fengande framføringar

Håvard, som speler i bandet True West (som er i ferd med å skifta namn), opna showet og song tre låtar, One of us (eigenkomponert), Someday you gotta dance (Dixie Chicks) og Memory in stone (eigenkomponert).

– Eg stilte opp på strak arm, utan band, då ein annan måtte melda pass. Men det gjekk fint. Eg har spelt her før og synest det er kjekt med ein sånn kveld der vi får vist oss fram, seier Håvard, som har sleppefest for debut-EP-en sin i Bergen 10. oktober.

Miriam, som er søstera til Ine Tumyr frå bandet Mighty Magnolias (tidlegare The Chase), stilte med to coverlåtar, Hurt so Bad og I'd rather go blind.

– Eg er med i to band, eit som førebels er utan namn og eit som heiter Camaleon. Eg har så vidt byrja å skriva låtar sjølv, men dei er førebels ikkje klare for framføring, seier Miriam.

Idar gjekk vidare

Så kom Idar på scenen med tre eigenkomponerte låtar. 13-åringen viste både god vokal, imponerande pianospel og avansert engelsk skrivekunst, låtar om håp, om livet og om fridom.

– Eg øver heime og har skrive ein plass over 10 låtar, fortel Idar, som er veslebror til Erik i Mighty Magnolias.

I tillegg til å vera ein talentkveld annankvar tysdag blir éin artist kvar kveld sendt vidare til ein seinare finale.

Publikum stemte på lappar og Idar fekk flest stemmer.

Er-An har kjøpt ein dag i studioet Lydriket, som også var representert ved Peter Sæverud i går, som premie til den som seinare vinn finalen.

– Det var utruleg høgt nivå i kveld, synest Linda, og inviterer osingar og andre til å ta kontakt for å melda seg på neste runde, eller ein seinare runde med Up & Coming.

VIDEO: Sjå stemningsrapport frå Up & Coming og nokre minutt med Håvard, Miriam og Idar på scenen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.