Kultur | 17. sep. 2013

Drive-in og talentkonkurranse

Up & coming, drive-in-kino og konsertar: Er-An Veikro, som no har blitt heilårs-geskjeft, har planane klare for den mørke årstida. Først ut er Stephen Ackles.

Drive-in og talentkonkurranse
Linda Andersen går hausten i møte med ulike kulturtilbod. Først ut er Stephen Ackles (innfelt). (Foto: KVB/pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 17. sep. 2013 22:11

Linda Andersen og dottera Hanne Catrine satsa tungt då dei i fjor reiv det sesongopne gatekjøkkenet på Røykenes for å bygga ny restaurant i gjennomført rock 'n' roll og amcar-stil.

Satsinga blei ein suksess frå start, det blei ingen kvardag på vegkroa, men no blir det ein annleis vinter på mor og dotter Andersen. Tidlegare år stengte dei nemleg kiosken og stakk til Kanariøyene hausten og vinteren, for å ha ny sesongopning til påske.

No er det ny restaurant og nye tider.

– For det første er jo den nye vegkroa ideell til konsertar, for det andre vil vi vera litt frampå for å halda varmen i vinter, seier Linda.

Til helga blir det konsert med Stephen Ackles og The Vossa Rebels, tysdag startar talentkonkurransen "Up & Coming" og før haustferien er det tid for drive-in-kino.

Når naboen e' 80

Laurdag markerer naboen over vegen, Linda sin svigerbror Erling Andersen, at bensinstasjonen hans er 80 år gamal.

– Vi er med på festen og har konsert på dagtid med dei unge, talentfulle rockarane The Vossa Rebels, fortel Linda.

Kvelden i forvegen kjem den kjente norskamerikanske rock 'n' roll-artisten Stephen Ackles til Røykenes.

– Vi har hatt litt livemusikk her før, på opningsfesten, og det fungerte veldig bra. Eg har faktisk over 30 band som har kome til oss og sagt at dei vil spela her.

– Men det blir spesielt å ha ein kjent og flink mann som Ackles i den nye restauranten vår, seier Linda.

Ny talentkonkurranse

Andersen, som både kjører Skal vi danse på storskjerm, for å følgja osingen Eirik Søfteland i ny konkurranse på TV2, og har booka fleire band og artistar til neste månad - drar neste veke i gang ein talentkonkurranse for unge musikarar.

– Vi spanderer ein dag i studio hos Lydriket på vinnaren, der vedkomande kan spela inn ei låt eller to. Andreas Lindborg frå Rock N LOL-festivalen til å styra showet.

– Tysdag startar vi, og då kjem også platestudioet for å høyra på. Det er publikum som skal stemma fram sin favoritt, så her er det om å gjera å møta opp.

– Vi har plass til 3-4 artistar (solo) per kveld og kjem til å halda fram annakvar tysdag til alle har fått prøvd seg.

Only in Os?

Med minst éin konsert i månaden og talentkonkurranse i vekene blir programmet fyldig, men ikkje ferdig.

Ambisjonane og arbeidskapasiteten på Røykenes er nemleg noko høgare.

– Vi vil ha kino òg, i amerikansk stil, naturlegvis, ler Linda.

I dag fekk ho grønt lys frå vegvesenet til å kjøra drive-in-kino utanfor restauranten.

– "Det er berre i Os dei kunne funne på noko slikt", var kommentaren frå vegvesenet, seier Linda og ler endå meir.

– Det blir ein svær skjerm og lyd sendt på FM-signal så du får alt over høgttalaranlegget i din eigen bil.

Drive-in-datoane blir torsdag til laurdag første helga i oktober. Torsdagen blir reservert for amcars. Filmane blir i stil med restauranten.

– Vi kjører noko klassisk frå rundt 60-talet, to framsyningar per kveld med ny film frå dag til dag.

– Og servering i bilane?

– Ja, sjølvsagt! Vi jobbar med å få tak i rulleskøyter til servitørane, seier Linda, framleis lattermild, men utan å spøka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.