Takkar for utfordringa
"Burde ikke du vært ute trent, Liafjellet opp – det blir ikke pent". Men kven vann barnehageutfordringa i Liafjellet Opp?
Styrar i Kulur Kuvågen barnehage, Marielle Aanes Møgster hadde svaret klart, i form av eit sarkastisk dikt, då ho blei utfordra av Ole Christian Borge i Tiriltoppen barnehage.
Les òg: Frå toppen til floppen?
– Det blei godt mottatt blant dei tilsette at eg svarte på utfordringa, og vi har hatt fellesturar og trening i fleire veker før løpet, seier Møgster.
Også Tiriltoppen hadde førebudd seg godt.
– Vi har trent mest i Bergen, men også hatt 3-4 turar til Os for å trena i løypa, seier Borge.
Vil tilbake
Begge barnehagane hadde over 10 påmeldte, men endte med 7 deltakarar kvar.
Om Møgster førte ein kvass penn før løpet, måtte ho likevel sjå seg slått når snittidene var slått saman.
– Vi takkar for utfordringa og ser at vi uansett har fått ein flott gevinst i den entusiasmen vi har hatt blant dei tilsette rundt dette. Eg er utruleg stolt av gjengen min, seier Marielle.
– Vi fekk også med to andre barnegara i kjeden, Midtun og Eventyrdalen, og tilbakemeldingane er unisone, dette gjer vi neste år òg, men vi startar treninga litt tidlegare, seier Ole Christian.
Cowi vann
Barnehagane deltok i bedriftsklassen i Liafjellet Opp.
– I bedriftsklassen legg vi saman tidene til dei tre raskaste løparane frå same bedrift og deler på tre, fortel Tone Hadler-Olsen frå Nore Neset il.
I tillegg blir snitttida redusert med 5 sekund per deltakar utover desse tre, dess fleire (ubegrensa tal), dess betre tid.
Deltakarar i bedriftsklassen kan også vinna individuelle premiar.
Ingeniørselskapet Cowi vann, barnehagane Tiriltoppen kom på 2. plass og Kulur Kuvågen tok 3. plassen.
Her er resultata i bedriftsklassen:
1. Cowi: 13:45
2. Tiriltoppen barnehage: 14:59
3. Kulur Kuvågen barnehage: 15:50
4. Midtun barnehage: 16:04
5. Eventyrdalen barnehage: 20:34
Cowi vann med det ein teambyggingpakke i Osbadet, med gratis møtelokale og servering for ti personar.