Politi | 07. mars 2022

Skulle svinga unna ein hjort

To andre bilistar er mistenkte for køyring utan førarkort og køyring med promille.

Skulle svinga unna ein hjort
Bilførar skal ha svingt unna ein hjort på Kaland i morgontimane måndag. (Lesarbilde/tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. mars 2022 09:50

Måndag morgon, før klokka 06, køyrde ein bil i autovernet på E39 Osveien.

– Bilførar skal ha svingt unna ein hjort som kryssa vegen, men gjorde i staden stor skade på eigen bil, opplyser vitne.

Verken Vest politidistrikt eller Vegtrafikksentralen har informert om uhellet i natt, og bilen blei fjerna før morgonrushet.

Søndag morgon i 08.20-tida hadde politiet promillekontrollpå E39 Byvegen i Storestraumen.

– 43 bilførarar blei kontrollerte. Ein av dei, ein mann i 40-åra, er mistenkt for køyring med promille. Han samtykka i førarkortbeslag, fortelpolitioverbetjent Anne Lyssand.

Laurdag i 14.30-tida fekk politiet tips om ein person utan førarkort som var på køyretur.

– Vi kontakta han, men vedkomande erkjente ikkje å ha køyrd bil. Vi har oppretta sak på forholdet, fortel Lyssand.

Søndag kveld fekk Midtsiden tips om «tidenes sniking» på Halhjem ferjekai.

– Ein bil køyrde rundt billettbåsane og ferjekøane, som om vedkomande skulle henta eller setja nokon av, men svingte så opp feil veg i spora meint for bilar som skal med ferjene.

Ferjepersonalet blei tipsa. Midtsiden har foreløpig ikkje lykkast med å få tak i Torghatten for å høyra kva reaksjon vedkomande fekk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.