Strålande feiring av DNT sin 150-årsdag
Barnas Turlag Os fekk ein fin dag i skogen.
I går fylte Den Norske Turistforening 150 år. Fleire lokallag rundtom i Noreg markerte jubileet med Kom deg ut-dag.
I Os gjekk turen til den nye gapahuken ved Knutabruo, mellom Tøsdal og Nordmarka.
– Vêret var jo fantastisk, og truleg så fint at fleire valte å reisa til fjells. Likevel hadde vi 200 deltakarar og alle dei 300 pølsene vi hadde fått sponsa gjekk med, seier leiar i Barnas Turlag Os, Kjetil Nygård til Midtsiden.
Rundt 50 av deltakarane møttest til «fellesstart» med rebusløp frå Amfisenteret gjennom skogen til Knutabruo.
Aking, revestrekar og trekning av gåvekort
Framme ved gapahuken sto bålpannene klare, og grillinga kom raskt i gang.
– Med sol og snø låg det til rette for aking, og ungane veksla mellom å eta, leika i skogen og å aka i bakkane rundt gapahuken.
Reven Turbo kom på besøk, og det var trekning av tre gåvekort sponsa av Sport Norge.
Vinnarane av gåvekorta var: Emilie Aspenes (4), Noah Råheim (3) og Andrea Holmefjord Paulsen (8).
– Vi takka for oppmøte og godt selskap i skogen, og ser fram til resten av turåret 2018, seier Nygård.