Tar 300 pølser med seg til Knutabruo
Barnas Turlag i Os markerer 150-årsdagen til DNT med rebusløype, grilling og leikar.
I helga publiserte vi ei pressemelding frå Den Norske Turistforening, som fortel om 14 turar i Hordaland i samband med 150-årsjubileet til DNT søndag 21. januar.
I Os set Barnas Turlag opp Kom deg ut-dag med tur til Knutabruo og aktivitetar rundt gapahuken som opna i oktober i fjor.
– Gilde sponsar oss med ei pølse per person. Det er vanskeleg å seia kor mange som kjem, men eg har bestilt 300 pålser, seier medlem i Os Turlag og tidlegare leiar i Barnas Turlag, Kjetil Nygård.
– Det kan koma frå 20 til 700 deltakarar. Vi plar ha to Kom deg ut-dagar i året, éin om våre og éin om hausten. I haust var vi på Lysøya igjen, og då kom det rundt 300 deltakarar.
Felles avmarsj - med rebusløp
Arrangementet ved gapahuken, som Os Turlag overtok drifta av etter at «Brukameratane» fullførte byggearbeidet, varer frå 11.30 til 15.00.
– Det er berre til å møta opp ved gapahuken, men dei som vil kan delta i felles avmarsj frå Amfisenteret. Vi startar ved returpunktet på parkeringsplassen til senteret og går via Banktjørnhaugen Barnehage, ned mot hesteløypa og inn i skogen.
– I skogen lager vi rebusløype, så det blir litt ekstra for dei som deltar på fellesmarsjen.
Ved gapahuken blir det grilling i bålpanner og ulike leikar.
– Ta gjerne med eigen mat i tillegg. Eg reknar med at det blir minst éi pølse per born, men det er ikkje lett å seia kor mange vi blir om vêret er bra denne søndagen.
Ifølgje langtidsvarselet blir det 1 til 3 minusgradar. Yr melder sol, Storm melder snøbyger.