Lokal | 26. okt. 2013

Stortrivst i Osbygda

Etter nær eitt år som turnuslege gler Bjørn Petter Aasheim Johannesen seg over å ha fått den nye fastlegehjemmelen i Os.

Stortrivst i Osbygda
Bjørn Petter Aasheim Johannesen gler seg til å byrja som fastlege i Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 26. okt. 2013 08:25

I april fortalde pleie og omsorgssjef Nils-Petter Borge at bygda trengde ein ny fastlegehjemmel. Alle dei 15 fastlegane hadde fulle lister, og Borge ba politikarane om løyve til å søkje om ein hjemmel til.

Tidlegare i haust kom godkjenninga frå Helsedirektoratet, og no er legen på plass.

Turnus gav meirsmak

Den nye legen er Bjørn Petter Aasheim Johannesen (31 år), fødd og oppvaksen på Landås. No bur han på Nesttun saman med ei, ifølgje Johannesen, særs tålmodig sambuar og ein steson på 9 år.

– Eg var i turnus hjå Jon Vangdal Aamaas då eg høyrde om moglegheiten.

– Osbygda fanga rett og slett hjarte mitt, så eg hadde veldig lyst å bli verande etter turnusperioden.

– Difor var det berre å satsa alt på eitt kort. Den stillinga hadde eg lyst på, og no er eg her, smilar den nye fastlegen på kontoret sitt hjå Irisgården Allmennpraksis, kor han skal virka saman med Svein Lunde, Kristin Lunde, Martin Hellerud og Tore Rygh.

Legevakt og Lurane

I turnusperioden har Johannesen vore innom både legevakta og som tilsynslege på Luranetunet.

– Det har vore fine møter med osingane.

– Etter turnusperioden har eg halde fram med å ta vakter på legevakta. At eg no kjem inn i den ordinære rulleringa er helt suverent, smiler Johannesen som under utdanninga har fått praksis både på kreftavdelinga ved Haukeland og på kirugisk avdeling i Stavanger i tillegg til allmennpraksis i Os.

Startar på 0

Det følgjer ingen pasienter med fastlegehjemmelen, så Johannesen må byggje opp pasientlista frå boten av.

– Det trur eg skal gå greitt. Det har vore ein mangel på fastlegar i Os, så det bør gå greitt å få fylt lista.

– Om det tek eit halvt år eller to år, får vi no berre ta som det kjem.

– Framleis er det iallefall plass på lista, seier Johannesen.

Har fått ein lidenskap

Saman med sambuaren kjøpte Johannesen ein gamal villa for eit års tid sidan.

– Eg hadde ikkje trudd det, men restaureringa har blitt ein lidenskap.

– Vi reiv alt utanom ytterveggane og har bygd opp huset på nytt. Det å stå å sparkla, male, snekre og alle dei andre tinga som må gjerast er så langt unna å vera lege at det fungerar utmerket som avkobling.

– Når sambuaren i tillegg er flink til å halde meg i øyre i høve det å bli ferdig med prosjekta, så har resultatet blitt veldig bra, avsluttar Johannesen med eit smil.

Slik fungerar bytte av fastlege

Du kan bytte fastlege to ganger per kalenderår. I tillegg kan du bytte fastlege hvis du melder flytting til folkeregisteret eller hvis fastlegen slutter eller reduserer listen sin.

​Du kan fritt velge mellom fastleger som har ledig plass på sin liste. Det er ikke mulig å sette seg på venteliste hos en fastlege som har full liste.

Noen grupper har allikevel rett til å komme inn på listen selv om listen er full. Dette gjelder for

- barn under 16 år med foreldre/foresatte på listen

- innbyggere som melder flytting til folkeregisteret tilbake til kommunen innen tre år og som ønsker samme fastlege som tidligere

Du kan velge fastlege i en annen kommune enn der du bor.

Fastlegebyttet gjelder fra den første dagen i måneden etter at det er registrert. (kilde: Helfo)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.