Lokal | 18. apr. 2013

Treng fleire legar

Kommunen treng nye fastlegar. No vil dei søka om å få oppretta ein ny heimel.

Treng fleire legar
Kommunalsjef Nils-Petter Borge vil auka antalet fastlegar i kommunen med ein ny heimel (fotomontasje: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 18. apr. 2013 09:55

Har du nett flytta til Os og vil finna deg ein ny fastlege har du ei utfordring. Alle dei 15 fastlegane i kommunen har fulle lister med mellom 790 og 1773 pasienter i porteføljen sin.

– Ein har i dag ikkje høve til å skifte fastlege.

– Nye innbyggarar har heller ikkje høve til å skaffe seg fastlege i Os kommune, skriv kommunalsjef Nils-Petter Borge i saka han fremjar for kommunestyret neste tysdag.

Borge ber kommunestyret søkja om å få oppretta ein fastlegeheimel til inneverande år.

Treng meir enn éin

Då Borge var i tenesteutvalet tidlegare denne månaden varsla han at saka ville koma.

– Vi treng ein full heimel med 1000 pasientar.

– Men vi kan ikkje venta så lenge før vi søkjer om den neste heller, påpeika kommunalsjefen.

Det er to år sidan sist kommunen fekk oppretta ein ny fastlegeheimel.

7,5 timer for kommunen

Alle fastlegane i Os er privatpraktiserande, kor kommunen kjøper fri noko av tida deira til kommunale oppgåver.

– Vi kan dra legen ut 7,5 timer i veka til samfunnsmedisinsk arbeid. Det er det det vil kosta for kommunen.

– I samband med opprettinga vil vi freiste å sjå på heilskapen i kva oppgåver vi treng utført for å gjera det så interessant som mogleg for legane.

– Men kva får det å bety for dei kommunale budsjetta, undra Arild Mats Nilsen (Ap).

– I budsjettet for i år har vi tatt høgde for å auka den praksiskompensasjonen vi betaler til legene for det samfunnsmedisinske arbeidet dei gjer tilsvarande ein ny heimel, forklarte kommunalsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.