Lokal | 21. nov. 2013

Stor innflytting - stor utflytting

Folketalet i Os har passert 18.500. Medan andre kvartal blei rekord i folkevekst, blei tredje kvartal rekord i flytting til og frå kommunen.

Stor innflytting - stor utflytting
Os Sjøfront hadde innflytting i april, likevel er det etter sommaren vi har hatt flest tilflyttarar til Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. nov. 2013 11:03

I dag publiserte SSB.no statistikken på folketalet i Noreg med endringar i 3. kvartal, juli til september 2013.

Folketalet i Noreg har auka frå 5.077.798 til 5.096.300 i perioden.

I Os har folketalet auka frå 18.464 til 18.549 frå 1. juli til 30. september, ei auke på 85 innbyggarar, mot rekordmange 170 i 2. kvartal i år.

TAL FOR 3. KVARTAL:
Fødde: 60
Døde: 24
Fødselsoverskot: 36
Innvandring: 51
Utvandring: 12
Innflytting, innanlandsk: 268
Utflytting, innanlandsk: 258
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring: 49

• Til no i år har vi blitt 407 fleire osingar.
• Veksta dei siste 10 åra er på 3.982 innbyggarar.

Rekordar inn og ut

Av den kvartalsvise statistikken ser vi at tredje kvartal er den store flytteperioden, kvartalet med flest inn- og utflyttingar innanlands.

Sånn var også 3. kvartal 2013, med 268 , berre 3. kvartal 2012 (287), 2011 (269) og 2010 (275) har hatt høgare innflytting til Os.

Også utflyttinga er høgast i 3. kvartal, og 3. kvartal 2013 er kvartalet med 258 perioden med høgast utflytting frå Os dei siste 10 åra.

Den førre rekorden er frå 3. kvartal i fjor, då 231 fann seg ny adresse ein annan stad i Noreg.

2. kvartal i år blei kvartalet med høgast netto folkevekst i Os, ei auke på 170 innbyggarar på 3 månadar er 3 meir enn 2. kvartal 2010.

Les òg: Aukar mest i Hordaland

Ikkje alle aukar

27 av dei 33 kommunane i Hordaland har hatt folkevekst siste kvartal.

Dei 6 med negativ vekst er: Kvinnherad (-27), Odda (-17), Ullensvang (-28), Granvin (-1), Vaksdal (-14) og Modalen (-16).

Her er dei 5 største kommunane i Hordaland
(etter folketal, vekst siste kvartal i parantes)
1. Bergen: 271.067 (+1.862)
2. Askøy: 27.273 (+150)
3. Fjell: 23.717 (+186)
4. Os: 18.549 (+85)
5. Stord: 18.352 (+80)

Fusa vaks med 4 innbyggarar til 3.817 førre kvartal, Tysnes med 15 til 2.751, Samnanger med 2 til 2.426 og Austevoll med 19 til 4.901.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.