Lokal | 16. aug. 2013

Aukar mest i Hordaland

Folkevekst: Per 30. juni bodde det 18 464 innbyggarar i Os, ei auke på 322 frå 1. januar. Os veks mest i Hordaland utanom Bergen.

Aukar mest i Hordaland
Vi blir stadig fleire innbyggarar i Os. (Ill. bilde frå Idol-vake for Eirik Søfteland i Oseana 10. mai. Foto: KVB)
Andris Hamrefredag 16. aug. 2013 14:06

SSB presenterte fredag folketalet i Noreg per 30. juni 2013.

I 2. kvartal 2013 auka folketalet med 14 100 personar i Noreg, og folketalet utgjorde 1. juli nær 5 078 000.

I Hordaland har folketalet auka frå 498 135 ved nyttår til 500 900 personer ved utgangen av juni. Den største veksten kjem, forutan i Bergen, på Os og Askøy.

Suverent størst auke i Os

1. januar var vi 18 148 osingar. Tala frå SSB syner at vi no er 18 464, ei auke på 322 personar.

Dette er suverent fleire enn kommunane på plassane bak.

Askøy auker med 254 innbyggarar frå 26 831 til 27 123, Fjell med 145 frå 23 277 til 23 531 og Stord med 111 frå 18 161 til 18 272.

Eineste kommuna som auker meir enn Os, er ikkje unaturleg Bergen. I løpet av det første halvåret har det blitt 1255 fleire bergensarar (frå 267 950 til 269 205)

115 nyfødde osingar

Ser ein på detaljane frå SSB ser ein at vi har kunna ønskja 115 nye osingar velkomen til verda. I same periode har 65 takka for seg, slik at kommunen har hatt eit fødselsoverskot på nøyaktig 50 personar.

Frå andre kommunar er det òg tydeleg at fleire ønskjer seg til Os. Byggjeaktiviteten er høg og 583 personar har flytta til Os første halvår (114 av dei frå utlandet). Samstudens har 311 forlatt bygda (22 til utlandet), noko som gjev ei nettoinnflytting på 272.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.