Lokal | 20. sep. 2020

Stoppa i Mobergsbakken - mistenkt for promille

Politiet hadde to promillekontrollar laurdag.

Stoppa i Mobergsbakken - mistenkt for promille
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 20. sep. 2020 08:59

Laurdag formiddag hadde politiet promillekontroll utanfor naboen til lensmannskontoret, Vinmonopolet.

Bilistar som kom køyrande og parkerte ved Polet blei sjekka. Politet rakk å kontrollera seks bilistar før dei måtte vidare på noko anna, og alle desse var edrue.

Klokka 12.30 kontrollerte dei ein bilist i Mobergsbakken.

– Bilførar, ein utanlandsk statsborgar på rundt 50 år, er mistenkt for å ha køyrd med promille. Test tatt på staden gav såpass utslag at vi tok beslag i førarkortet på staden, fortel politibetjent Sindre Hallem.

I samband med MC-ulykka på Skeie i 20-tida i går, er førar mistenkt for både køyring utan førarkort og køyring i ruspåverka tilstand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.