Stilte seg opp tre ulike plassar. Fekk «berre» fire reaksjonar.
UP gjennomførte både promillekontroll og fartskontrollar fredag.
Fredag gjennomførte utrykningspolitiet kontroll tre ulike stadar i Os.
Dei starta dagen med promillekontroll på Halhjem fergekai.
37 førarar blei kontrollerte uten at politiet fann noko å reagera på.
Litt seinare heldt UP fartskontroll på Halhjemsvegen.
– Éin førar fekk forenkla forelegg for å køyra i 80 km/t i 70-sona, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
Det fører til forelegg på 5050 kroner, men ingen prikkar.
Etter å ha pakka saman på Halhjem, rigga dei seg opp for fartskontroll i 100-sona i Endalausmarka.
– Tre førarar fekk forenkla forelegg. Høgaste fart blei målt til 118 km/t.
Det fører til to prikkar og eit forelegg på 7050 kroner.