Politi | 24. mai 2024

To tatt ved stoppskilt - éin nekta å godta forelegg

I tillegg har politiet fått melding om velta tre, mogleg innbrot og lause hestar på morgontur.

To tatt ved stoppskilt - éin nekta å godta forelegg
LEPSØYKRYSSET: Trafikken på E39 er tryggare om bilistar frå Lepsøyvegen stoppar før dei køyrer ut. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 24. mai 2024 08:32

Torsdag i 14-tida hadde utrykningspolitiet trafikkontroll i krysset mellom Halhjemsvegen og Lepsøyvegen.

Det førte til to reaksjonar på kort tid.

– Éin av dei fekk forelegg på 10.200 kroner og tre prikkar på førarkortet. Den andre nekta å vedta forelegg, og blir meldt for forholdet, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Velta tre over fylkesveg

Torsdag formiddag fekk politiet melding om eit tre som hang delvis over Hatvikvegen.

– Vegtrafiksentralen blei varsla. Dei sendte ut entreprenør.

Lause hestar

Torsdag morgon fekk politiet melding om lause hestar i området mellom Lekven og Haugland.

– Dei var ikkje til hinder for trafikk eller fare for andre, men gjekk ned mot sjøen.

Reagerte på open dør

Natt til torsdag fekk politiet melding om ei dør som stod open i eit industribygg.

– Bygningen ligg i Os sentrum, og det er mogleg at det var noko som blokkerte og gjorde at døra held seg open

Politiet rykka ut saman med vekter.

– Det er ikkje teikn til innbrot eller tjuveri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.