Stenger 29 butikkar
Men Notabene på AMFI Os er blant dei som driv vidare som før etter kjedekonkursen.
Onsdag for to veker sidan blei det kjent at bokhandlarkjeden Notabene er konkurs, men at banken, DNB, vil sørgja for å halda kjeden i drift medan dei prøver å skaffa ny eigar.
– 29 butikkar er lagt ned, 110 blir drive vidare som før.
– Butikken på AMFI Os er blant dei 110, den driv vidare i beste "velgåande", seier dagleg leiar i Notabene-kjeden, Rune Nicolaisen, til Midtsiden.no.
– Gledeleg, men ikkje overraskande
Senterleiar Anne Kristine Tøsdal er veldig glad for at butikken i Amfisenteret ikkje er blant dei 29 som blei lagt ned.
– Både for senteret og kundane sin del, og ikkje minst for dei tilsette, er dette godt nytt, seier Anne Kristine.
Nicolaisen vil ikkje ut med lokale tal, men Tøsdal seier ho ikkje er overraska.
– Vi har sett tal samanlikna med andre i området og veit at Notabene på AMFI Os er blant dei 2-3 som driv best i regionen.
Uviss framtid
Om dei 110 butikkane framleis er i drift er det naturlegvis framleis uvisst kor lenge dei held ope.
– Eg kan ikkje seia noko om kva perspektiv DNB har og det er ingen nøkkeldatoar i nær framtid som eg kjenner til.
– Men når banken no har stifta AS for å halda drifta oppe så reknar vi med at dei har litt tid på seg.