Næringsliv | 09. jan. 2013

Notabene er konkurs

Bokhandlarkjeden Notabene er konkurs. – Butikkane held ope som før, seier administreande direktør Rune Nicolaisen.

Notabene er konkurs
Notabene på AMFI Os held ope som før, men framtida er likevel usikker. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. jan. 2013 22:58

I dag blei det kjent at Notabene-kjeden er konkurs.

Butikksjef i AMFI Os, Anne-Christin Storum Aasen, viser til kjededirektøren då Midtsiden spurde om framtida til butikken på Os.

– Vi held ope som før, seier Rune Nicolaisen.

Styret i selskapet har begjært oppbod. Banken vil halda liv i dei 139 butikkane ei tid framover.

DNB, som har vore Notabene sin hovudbank i 27 år, skal ha sagt at dei vil samarbeida med bustyret og sikra drifta fram til nye eigarar er på plass.

Tviler på at nokon vil kjøpa

Forlegger Arve Juritzen tviler på at nokon vil kjøpa Notabene, og frykter å tapa millionar.

- Vi har lenge hatt eit godt samarbeid med Notabene fordi dei er ein uavhengig bokhandel, seier han til E24.

- Dette har lenge vore ein monopolbransje. No forsvinn det siste lufteholet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.