– Startar over påske
Strandvegen blir skilta etter påske. – Det blir ei fin rundløype frå Oseana via Moldaneset og tilbake, trur Eivind Fauske.
Omlag to år etter at Os kommune søkte Gjensidigestiftinga om midlar til merking av turstiar i kommunen har dei første skilta kome.
– No skal vi berre kontrollera skilta og sjå at alt er som det skal vera så reknar eg med at vi saman med turlaget og teknisk eining går i gang med monteringa rett over påske, fortel Eivind Fauske på kulturkontoret til Os kommune.
Strandvegen først
På kontoret til Fauske står ein haug med skilt stabla på og rundt pulten.
– Det er både skilt som viser avstandar til Solstrand, Bjørnefjorden Gjestetun, Moldaneset, Os sentrum og Oseana.
– I tillegg er det nokre som syner retningen på løypa, slik at folk skal slippa å lure når dei kjem til eit vegskille, forklarar Fauske.
Telen ei utfordring
Skilta er blant dei første i Noreg som har blitt produsert i aluminium.
– Den løysinga er vald av hensyn til enklare vedlikehald.
– Dei fleste av skilta vil bli montert på røyr, så nøyaktig når vi er ferdige med monteringa er litt vanskeleg å seie grunna telen.
Lysøen neste
Fauske fortel at Lysøen er neste område som vil bli skilta.
– Eg skal faktisk ha eit møte med folka derfrå i dag, for å sjå på løysingane og skiltplanen.
– Der kan det vera at vi vel eit anna materiale enn aluminium for at det skal passa med omgjevnadene, fortel Fauske.
GPS-trackar turane
I tillegg til skilting av turstiane jobbar kommunen med å få til eit elektronisk kart over turstiane i bygda.
– Fleire tilsette på kommunen og folk frå turlaget har hatt med seg GPS når dei har gått dei forskjellege turane.
– Vi held på å legga desse inn i kommunen sitt kartverk, slik at folk etterkvart kan få eit elektronisk turkart for bygda, avsluttar Fauske.