08. mars 2022

Startar «data-stove» på eldresenteret

Eldre og ungdom saman om å gi opplæring.

Startar «data-stove» på eldresenteret
Os Eldresenter i Hamnevegen i Os sentrum. (Foto: Dositej Rarogijevic-Vukovic)
Dositej Rarogijevic-Vukovic
Dositej Rarogijevic-Vukovictysdag 08. mars 2022 16:30

Eldrerådet og Os Pensjonistforening har tatt på seg å vidareføre Bjørnafjorden kommune sitt tilbod om dataopplæring til innbyggarane.

Saman med Pensjonistforbundet Bjørnafjorden har dei starta opp att den populære ein-til-ein undervisninga annankvar torsdag på Os Eldresenter.

Bjørnafjorden kommune ønskjer at alle skal få tileigna seg grunnleggande digitale ferdigheiter og kunne ta i bruk offentlege digitale tenester. Tilbodet er for alle som treng å styrka den digitale kompetansen sin.

– Du kjem som du er, på ditt nivå. Rettleiinga blir gitt ein-til-ein og er tilpassa dine behov og ønskjer, fortel Bjørn Sivertsen i Os Pensjonistforening.

Til opplæringa har fem dyktige elevar frå Os Gymnas og Os vgs blitt engasjert som rettleiarar.

Opplæringa vil foregå på Os Eldresenter annankvar torsdag frå og med 10. mars klokka 14.30.

– Tilbodet er gratis, det er berre tilå bestilla tid.

Utvidar tilbodet

I tillegg har Eldrerådet, Os Pensjonistforening og Pensjonistforbundet Bjørnafjorden gått saman med Senioruniversiteta i både Fusa og Os, Frivilligsentralane i Fusa og Os, Kultureininga i Bjørnafjorden kommune, Eikelandsfjorden Pensjonistlag og Seniornett Norge om eit nytt og utvida tilbod om dataopplæring til gamle og unge Bjørnafjordingar.

– Planen er å starta «Data-stover» både i Eikelandsosen og på Os.

Datastovene skal vera faste, sosiale møteplassar der du kan droppa innom og få hjelp, eller melda deg på kurs for å lære meir om mobiltelefon, nettbrett eller PC/Mac.

På datastova vil du treffa andre seniorar som du kan utveksla kunnskap og tips med.

Kursar seg sjølv

Torsdag formiddag, før dataopplæringa startar, kjem ein instruktør over frå Seniornett Norge for å halda eit heildagskurs for framtidige datavegleiarar og kursassistentar.

– Heile 15 vaksne Bjørnafjordingar har meldt seg på kurset, for å kursa andre,fortel Sivertsen.

På ettermiddagen kjem ungdomane for å hjelpa til med dagens vegleiing til dei påmeldte, anten dei vil ha hjelp med pc eller mobiltelefon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.