Idé om måltid for einslege gav nye 500.000 i støtte
Aktive Os Pensjonistforening har fått støtte til endå eit nytt tiltak.
Os Pensjonistforening har nyleg fått solid støtte til både innreiing av «guterom» på Os Eldresenter, for å lokka fleire mannfolk ut av einsemda, og gratis taxi, for å gjera det enklare praktisk for dei som vil møta på ulike aktivitetar.
I dag fortel leiar Bjørn Sivertsen om endå meir støtte til eit anna tiltak.
– No er vi stolt og glad, seier Bjørn i ei pressemelding i dag.
Os Pensjonistforening søkte i april Helsedirektoratet om tilskot til prosjektet «Spisevenn».
– Vår søknad var ein av ti som blei innvilga, og det blei full pott!
Os Pensjonistforening fekk tildelt heile 477.000 kroner.
– Vi er no i dialog med alle dei aktuelle samarbeidspartnarane om oppstart av prosjektet, og skal ha første prosjektmøte tysdag i neste veke.
Målgruppa er heimebuande eldre med hovudvekt på dei einslege blant desse.
Prosjektet «Spisevenn» femner begge sider av fjorden i Bjørnafjorden kommune, gjennomføringa blir saman med Eikelandsfjorden Pensjonistlag, Frivilligsentralane på begge sider av fjorden, og med både Restaurant- og matfaglina og Helse og oppvekstfaglina ved dei to lokale vidaregåande fagskulane i kommunen.
– Vi vil også rådføra oss med fagfolka i kommunen tilknytt demensomsorga, tryggleikssjukepleiar, heimetenestene og ernæringsfysiolog om tilrettelegging og gjennomføring av middagane.