Lokal | 25. juni 2012

Sprang etter vandalane

– Dei var ikkje så unge, seier vitne om pøblane som gjekk laus på fleire planter i Os sentrum natt til søndag.

Sprang etter vandalane
Det gjekk hardt ut over plantene på Telthusplassen i helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 25. juni 2012 08:53

Søndag formiddag blei det oppdaga at nokon har utført hærverk i Os sentrum igjen.

Fleire tre og blomstertårn er velta på Telthusplassen og ved Os bussterminal.

– Eg kom gåande då eg såg at nokre menn hang på det eine treet på Telthusplassen, fortel eit vitne til Midtsiden.no.

– Angra på at eg ropte

Vitnet, som er i 30-åra, ropte først til dei som utførte hærverket.

Dei stakk frå staden og vitnet la på sprang etter dei.

– Dei sprang mellom Smiegården og Bakketeig inn i sentrum. I etterkant ser eg jo at eg ikkje burde ha ropt først, det var berre ein spontan reaksjon på det eg såg.

Fire menn på rundt 20 år

Vitnet fekk ikkje tak i nokre av dei som sprang frå staden.

Men han fekk sett kor mange dei var og cirka kor gamle dei er.

– Det var ikkje ungar, det var ungdom eller yngre vaksne. Eg såg fire menn i gjengen som holdt på med trea og eg trur dei kan vera rundt 18-20 år, kanskje litt over 20.

Vitneobservasjonen blei gjort i 2-tida natt til søndag. Minst éin av dei fire gjekk i ei kvit t-skjorte.

– Det kan jo henda at nokon ha sett ein gjeng på fire menn koma springande i den tida, seier vitnet.

Politiet er i så fall truleg interesserte i tips. Politiet når du på 48002480.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.