Lokal | 24. juni 2012

– Dette bør få konsekvensar

Os sentrum er herpa for fleire titals tusen kroner i natt.

– Dette bør få konsekvensar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 24. juni 2012 14:34

Måndag ettermiddag var marknadsdagane over og søndag formiddag var leiar for Os Sentrumsforening nedom Osøyro for å sjå korleis det såg ut.

– Vi rydda i går, men ikkje alle blei ferdig samtidig. Eg kjente eg blei litt irritert då eg såg at nokre få utstillarar hadde sett bosset sitt igjen sjølv om vi har leigd konteinar til dei, seier Geir Amundsen.

Mykje hærverk

Men så skulle han få meir alvorlege saker å ergra seg over.

– Då eg gjekk ut av bilen såg eg dei velta trea og blomstertårna. Det ser heilt forferdeleg ut i sentrum, seier han.

På Telthusplassen er to av prydtrea knekt, på busshaldeplassen har også eit tre fått gjennomgå.

Vil ha tiltak

– No er det nok! Det har vore for mange tilfelle av hærverk i sentrum dei siste åra, frå knusing av skulpturar til øydelagt julepynt. Eg vil ta ein prat med både dei på rådhuset og dei på lensmannskontoret, for noko må gjerast.

– Kameraovervaking er blant forslaga som har vore drøfta ei stund, no er det på tide å gjera meir enn å snakka. Og kva skjer med dei som blir tatt? Eg veit ikkje kva som er løysinga, men sånn som dette kan vi ikkje ha det, seier Amundsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.