Sondre skal triksa for kongeparet
Fotball-freestyler Sondre Ødegård Aksnes droppar NM – skal underhalda dronning Sonja og kong Harald i Bergen i juni.
Osingen Sondre Ødegård Aksnes, som fyller 18 til hausten, er hyra inn i samband med at kongeparet besøker Bergen i juni.
– Eg fekk førespurnad frå Bergen City Event etter at eg triksa under utdeling av idrettspris i Bergen i fjor, fortel Sondre, som tar med seg treningskamerat Preben Kleppe Lilletvedt på oppdraget.
Kongeparet skal på jubileumsreise med KS «Norge» frå 18. til 29. juni, som ei markering av at dei to har vore Noregs kongepar i 25 år.
Laurdag 25. juni kjem kongeparet til Bergen.
Droppar NM – deltar i VM
Sondre er blant dei beste i Noreg til å triksa. I fjor tok han 10. plass i NM, i år hadde han ambisjonar om å klatra nokre plassar og helst bli tatt inn på landslaget.
Les òg: Tangerte verdsrekorden
– Då bør du nok koma på 8. plass eller betre. Eg har trent mykje og eg ville nok hatt sjansen, trur Sondre.
NM blir arrangert same dag som kongeparet besøker Bergen.
– Eg måtte tenkja meg om eit par dagar, men dette er så stort at eg kunne ikkje seia nei.
I starten av august får han likevel delta i ein stor meisterskap, då er det VM i Tjekkia.
Triksar i bursdagsbesøk og på messer
Fotballsesongen er i gang og cuparrrangørar er blant dei som leiger inn Sondre til å laga show.
– Men det er òg andre som vil ha litt triksing på programmet. I april triksa eg med verdsmeister Azun på sportsmessa Fritt & Vilt i Grieghallen, seinare har eg vore både på Askøy, Kuventræ og Tertnes på oppdrag.
– Neste laurdag er det to oppdrag, då skal eg både triksa i eit bursdagsbesøk og under opinga av ein ny kunstgrasbane, fortel Sondre.
– Sparer du nokre triks til kongeparet?
– Dei skal få sitt eige show, eg og Preben skal verkeleg prøva å gjera det beste ut av det, lover Sondre.